Helsar hotellsatsing i velkomen
LANDEMERKE I MÅLØY: Førebels skisse til nytt hotell, kulturhus, bustadar og forretningsbygg i Måløy.
Nytt

Helsar hotellsatsing i velkomen

Thon Hotels-satsinga i Måløy er bra for planane om eit nytt hotell, meiner investor Gunnar Carlson.

12.10.2017
Saman med Sverre Søraa i Coast Seafood er Carlson er ein av pådrivarane for å bygge nytt hotell i kombinasjon med kulturhus, bustadar og forretninglokale i Måløy.

No er Måløy Hotell under oppussing og skal bli ein del av Thon Hotels-kjeda frå januar neste år. Berre ein fordel for hotellplanane, meiner Carlson.

- Det eine drar det andre med seg. Vi treng den kapasiteten vi kan få i Måløy seier Carlson.

Auka trafikk

Randi Paulsen Hunborstad, dagleg leiar i Nordfjord Vekst, er samd med Carlson.
- Vi treng auka hotellkapasitet så snart som råd, seier Humborstad.
Etterspørselen etter overnatting aukar blant anna i samband med bygginga av Stad Skipstunnel, som kan kome i gang alt i 2019, i følgje Humborstad.

Må satse på turisme

Vågsøy kommune, med kommunesenteret Måløy, må og satse på turisme for å skape grunnlag for eit nytt hotell, meiner ho.
Det er også målet for initiativtakarane bak det nye hotellet. Måløy skal setjast på reiselivskartet i ei heilt anna grad enn i dag, sa Sverre Søraa til NETT NO i oktober i fjor.
- Det er eit uutnytta potensial som er ganske stort. Det er vår konklusjon når vi ser på kor lite turistar det er i Måløy, sa Søraa.

Publisert: 12.10.2017 12:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:15