Helland hentar pengar til nytt selskap
KVAR SI ADRESSE: Varda Care-sjef Geir Østrem (til høgre) og Joakim Helland i Helland Møbler får kvar si adresse etter at velferdsteknologisatsinga til Helland Møbler er skilt ut som eige selskap. 
Nytt

Helland hentar pengar til nytt selskap

Helland Møbel skil ut velferdsteknologisatsinga i eit eige selskap, og er ute etter medinvestorar.

04.06.2020
Målet er å få inn 8-10 millionar kroner i ei kapitalutviding som skal finansiere satsinga på sal og utvikling av sensorar og system i sittemøblar og senger.
Helland Møbler i Stordal har spesialisert seg på møblar for eldre og andre som treng og ønskjer møblar som er lette å sette seg ned i og kome opp av.
Dagleg leiar Joakim Helland i Helland Møbler og dåverande marknadssjef Geir Østrem starta alt i 2016 å drodle på ideen om å kombinere møblar og teknologi.
Etterkvart dukka temaet opp oftare og oftare.
I fjor sa dei at dei vurderte å hente inn investorar utanfrå, og 2. januar i år blei satsinga skilt ut i eit eige selskap, Varda Care, med Helland Møbler-eigar Helland Eiendom som eineeigar inntil kapitalutvidinga er på plass.
Østrem er dagleg leiar i nysatsinga som både Helland og Østrem meiner kan bli langt større enn Helland Møbler.

Pengar og kunnskap

- Det er dialog med fleire potensielle, i fleire størrelseskategoriar, seier Joakim Helland om interessa frå investorhald. Han er på jakt etter eit fåtal investorar, som både kan tilfører pengar og kunnskap. I første omgang kan Helland Eiendom vere over 50 prosent eigar etter kapitalutvidinga, men det er ikkje noko absolutt mål. Ved ein eventuell emisjon nummer to seier Helland at Helland Eiendom kan gå under 34 prosent eigarskap.
Selskapet har samarbeidd med Bjørn Gjerde i Converto under utvikling av teknologisatsinga og Converto er også rådgivar i kapitalinnhentinga.

Stolen varslar

Målgruppa for velferdsteknologien er både private og institusjonar. Sensorane kan måle alt frå hjerte-og pusterytme, til fukt og aktivitet - og kunne varsle pårørande og/eller helsevesenet om det er behov for hjelp og gi data om helseutvikling.
Sjølve sensoren i seng eller sittepute skal ikkje merkast og den vesle boksen som videresender data kan skjulast under møbelet. Bruksområdet for teknologien er berre i startfasen, meiner Østrem.
- Det er mange applikasjonar for dette og vi er berre i starten på ei lang lang reise, seier han.

Open for alle

Helland Møbler blir den første kunden, men Varda Care skal selje til alle, og målet er å vere ute i marknaden frå 1. januar 2021. Fram til då er det testing og justeringar av teknologien som skal gjerast, både hos norske og tyske brukarar.
Koronaepidemien og tiltaka mot den har utsett testinga eit par månadar, men no er det opna for testing igjen.
Eit tilfeldig møte på ei tysk velferdsteknologimesse sparte Helland og Østrem for mykje utviklingsarbeid. Der møtte dei eit nystarta tysk teknologiselskap, Visseiro, som hadde utvikla mykje av teknologien dei var på jakt etter i sine løysingar. Visseiro er, og skal vere, samarbeidspartnar også vidare.

Kvar si adresse

Med utskillinga av velferdsteknologisatsinga i eit eige selskap har også Helland Møbler og Varda Care fått kvar si adresse.
Geir Østrem og hans førebels tre tilsette har etablert kontor i Breivika i Ålesund. Terje Tollaas (frå Spilka Industri) er salsleiar, Gerhard Melseth (frå it-selskapet Fiizk) er tekonologiansvarleg og Diana Meldal (frå PR-selskapet Bmerk) er marknadsføring/merkevare-ansvarleg.
Går det som Østrem og Helland håpar vil det vere minst 10 tilsette innan fire-fem år.

Publisert: 04.06.2020 06:00

Sist oppdatert: 01.07.2022 00:00

Mer om