Held hurtigrute korta tett til brystet
KONKURRANSE: Samferdselsdepartementet satsar på å avgjere kven som får drive hurtigrutesambandet før påske. Kontrakten kan bli delt på tre reiarlag.
Nytt

Held hurtigrute-korta tett til brystet

Samferdselsdepartementet vil ikkje kommentere kor mange som vil konkurrere om å drive hurtigrute-sambandet langs kysten.

23.03.2018
Så langt er det berre selskapet Hurtigruten ASA som har stadfesta at det har lagt inn bod på å drive det daglege sambandet mellom Bergen og Kirkenes. Det er det same selskapet som driv sambandet i dag.

Fristen for å legge inn bod gjekk ut 12., januar, men av konkurranseomsyn vil Samferdselsdepartementet ikkje at tilbydarane skal vite kven og kor mange som har lagt inn bod før vurderinga av anboda og forhandlingane er unnagjort.

Klar til påske

Den nye avtalen skal gjelde i ti år, frå 1. januar 2020 eller 1, januar 2021. Til skilnad frå dagens avtalen er den nye avtalen delt i tre pakkar, to på fire skip og ein på tre skip. Hurtigruten har langt inn bod på alle tre pakkane.
Målet til samferdselsdepartementet er å bli ferdig med forhandlingane og avgjere kven som skal får sambandet før påske.

Miljødebatt

Krava i anbodet utløyste ein debatt om regjeringa var for lite streng i miljøkrava.
Hege Økland i klyngeorganisasjonen NCE Maritime CleanTech, Marius Gjerset i miljøstiftinga Zero og Erik Janssen i Selfa Arctic skreiv i eit innlegg at miljøkrav burde telje meir når anbodet skulle vurderast og at det burde vore råd å innføre et krav om at dei nye skips gradivis skulle bli mindre forureinande i i konktraktperioden, i takt med teknologiske nyvinningar.
Debatten førte til at Stortinget vedtok ei bonusordning for reiarlag som kom med miljøtiltak ut over dei opphavlege krava i anbodet. Reiarlaga fekk utsett fristen for å levere anbod frå 3. til 12. januar, for å få tid til å tilpasse seg bonusordninga.

Publisert: 23.03.2018 12:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17