Heimekontor aukar risiko for svindel
VARD-ANGREP: Vard-konsernet blei i sommar utsett for eit cyber-angrep. NETT NO fekk då e-post (innfelt) frå Vard-sjef Erik Haakonsholm si adresse, der det vart opplyst at han ikkje hadde tilgang til e-post.
Nytt

Heimekontor aukar risiko for svindel

Auka bruk av heimekontor gjer at fleire verksemder gir dei tilsette opplæring i informasjonstryggleik, fortel rådgjevar.

21.09.2020
(NPK-NTB – Mette Estep): 8 prosent av alle mellom 15 og 74 år sa i juli at dei var utsette for økonomisk svindel det siste året. Å jobbe åleine aukar risikoen for å bli lurt.
Det er NorSIS som har gjennomført undersøkinga, som viser at meir enn 300.000 personar har vorte svindla på ein måte som hadde fått økonomiske konsekvensar. I aldersgruppa 15 til 34 år er delen som har fått ei slik dyrekjøpt erfaring det siste året, endå høgare – heile 15 prosent.
Det høge talet har neppe gått under radaren i norsk næringsliv, der 64 prosent fleire tilsette enn i fjor har bestilt opplæringspakken Nasjonal tryggingsmånad i informasjonstryggleik i år. Så langt er 164.000 påmelde.
Også talet på verksemder som har bestilt kurset, har auka kraftig, med 30 prosent.
– Det er heilt openbert at meir svindel i omløp og den auka bruken av heimekontor har gjort fleire verksemder opptekne av å gi dei tilsette opplæring i informasjonstryggleik, seier seniorrådgivar Trude Talberg-Furulund i NorSIS til NTB.
I første halvår av 2020, og særleg etter at koronatiltaka vart sette i verk, har dei digitale truslane som rammar folk flest og små og mellomstore bedrifter, i aukande grad vore svindel, opplyser NorSIS.

Les om Vard-angrepet:




Politiet:


Mykje heimekontor

Framleis jobbar heile éin av tre i Noreg hovudsakleg på heimekontor, ifølgje førre veke. Bruken av heimekontor er på veg oppover igjen i september.
Mange sit åleine utan eit sosialt nettverk eller ein IT-medarbeidar, nokon som kan bidra med ei realitetsorientering til dømes viss ein litt mistenkjeleg e-post skulle dukke opp, der logoen til avsendar kanskje ikkje ser heilt ut som han pleier, eller ordlyden får ein til å stusse.
Etter berre dagar med nedstenging i Noreg kom dei første meldingane om koronasvindel på nett. Det kom e-postar med falsk covid-informasjon, tilbod om vaksinar mot covid-19 eller faktura på mangelvarer som handdesinfeksjon og munnbind, i tillegg til mykje anna som kunne vere freistande å klikke på i heimekarantene.

Angrep og nettvit

Dei første seks månadene av 2020 var det 17 prosent fleire dataangrepskampanjar enn det var for heile 2019, ifølgje . Omstruktureringa av arbeidslivet fordi folk vart sende heim for å jobbe, blir nemnt som ei av årsakene til auken.
Tala viser at auken byrja allereie då nyheitene om det nye koronaviruset – og spreiinga av viruset – starta i januar. Parallelt med det auka elles forståinga til folk for angrepa, også i Noreg.
Talet på brukarar av nettvett.no auka med heile 71 prosent i perioden 1. januar til 31. mai samanlikna med tilsvarande periode i fjor. I same periode opplevde NorSIS at det i aukande grad er einskildmenneske, ikkje datamaskina, som er mål nummer éin for dataangrep.
I sommarferiemånadene, og då smittespreiinga var låg i Noreg, gjekk trafikken på nettvit-sida ned, for å auke igjen då smitten auka i slutten av august og i september.

Hektisk

Oktober er Nasjonal Tryggingsmånad. NorSIS, som er ein del av satsinga til regjeringa på informasjonstryggleik, forventar ytterlegare auke i talet på påmelde til kurs.
Med utstyret til bedrifter utplassert på heimekontor, høgare terskel blant folk for å reagere på underlege førespurnader og ingen å rådføre seg med, meiner NorSIS at tryggleikskurset i år er ekstra viktig, og vil ha fleire med.
– Kunnskapsrike tilsette kan lettare gjennomskode svindel og bedrag og bidra til å gjere bedrifta sikrare, seier Talberg-Furulund.
For nordmenn klikkar enno utan å tenkje. I ei anna fersk NorsIS-undersøking gir ein firedel av dei 1.500 spurde opp at dei aldri eller berre av og til sjekkar om ei lenkje eller eit vedlegg i ein e-post er trygt før dei opnar det.

Datakriminalitet:






(©NPK)
Kunnskapsrike tilsette kan lettare gjennomskode svindel og bedrag og bidra til å gjere bedrifta sikrare

Publisert: 21.09.2020 09:02

Sist oppdatert: 07.04.2021 16:29