Heile familien bak restaurantsatsing
ÅLESUND: Imer Morina saman med døtrene Jomila (19) og Ariana (23).
Nytt

Heile familien bak restaurantsatsing

Han fekk med seg heile familien og slo til då Real American Steakhouse vart til sals. Imer Morina angrar ikkje. 

07.08.2020
- Hittil har det gått veldig bra.
Imer Morina kom til Ålesund som flyktning frå Kosovo. Sidan 2018 har han drive Mølla Bar saman med Besnik Luma i regi av selskapet Møre Restaurant & Pub. Begge var tidlegare tilsette på Mølla, og sørga for ny drift då dei tidlegare eigarane trekte seg.
Men då restauranten Real American Steakhouse eit par hundre meter lenger borte i gata vart til sals, satsa Morina saman med familien også på rein restaurantdrift.
- Alle hjelper til, og vi synst vi har fått til eit veldig bra konsept.
Her er spesialiteten hamburger.
- Alt vert laga av oss sjølve frå botnen av, seier Ariana Morina (23).

Ope under korona

Ho er utdanna sjukepleiar, men er no servitør i familiebedrifta, der både mora, ei søster og ein bror arbeider.
- Veldig kjekt at vi alle kan vere saman om dette, seier ho.
Restauranten vart overtatt i desember i fjor, og har hatt ope under heile koronaperioden.
- Vi måtte overleve etter å ha gjort denne satsinga, seier Imer Morina.

Fullt hus

Siste vekene har det vore fullt hus kvar kveld, til liks med dei fleste andre restaurantane i Ålesund.
Imer Morina seier at for å overhalde smittvernreglane har ein gått ned frå å kunne ta imot 84 gjestar til å ta imot 50.
- I fellesferien har vi måtta sagt nei til mange gjestar.
- Frå å ha kun norske gjestar, ser vi no at det også vert stadig fleire utlendingar.

 Veldig kjekt at vi alle kan vere saman om dette

Publisert: 07.08.2020 08:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00