Havyard verft faar opne att
OPNAST IGJEN: Leirvik-verftet i Hyllestad kommune har vore nøydd til å stenge drifta i kring to veker som følgje av koronautbrot.
Nytt

Havyard-verft får opne att

Nær 500 personar er koronatesta i samband med smitteutbrotet.

Marius Rosbach
16.10.2020
Havyard Group-verftet i Leirvik får lov til å sette i gong drifta igjen frå måndag, etter å ha vore stengt sidan starten av oktober.
Det er Hyllestad kommune som bestemte at verksemda skulle stengast, etter at fleire tilsette fekk påvist korona.

91 personar med påvist smitte

I ei opplyser selskapet at 495 personar no er testa, og at 91 personar knytt til verftet har fått påvist smitte.
Verft-selskapet New Havyard Ship Technology har jobba tett saman med lokale helsestyresmakter for å avklare omfanget av utbrotet, heiter det i meldinga.
Samtidig blir det understreka at skip under utrustning ved verftet, truleg blir forseinka. Verftet vil kartlegge konsekvensane og kva for tiltal som kan settast i verk for å ta igjen den tapte produksjonstida.

Aksjekursen steig til værs

Trass utfordringane ved verftet har Havyard Group-aksjen på Oslo Børs skote i været dei siste dagane. Fredag ettermiddag var oppgangen for uka på heile 188 prosent. Verdien var då opp med nær 15 prosent i løpet av dagen.
Havyard-sjef Gunnar Larsen kunne berre spekulere i kva som var årsaka, onsdag. Han håpte at investorane hadde oppdaga konsernet sin «grøne» teknologi i selskap som Havyard Design, Norwegian Green Tech og Norwegian Electric Systems.
Tidlegare fredag kunne konsernet at sistnemnte selskap hadde fått DNV GL-godkjenning for sin eigenutvikla bruløysing, kalla Raven Ins.

Les også:




Publisert: 16.10.2020 15:05

Sist oppdatert: 07.04.2021 17:55