Havyard kursen stuper
NYTT: Ronja Storm, verdast største brønnbåt, skal leverast frå Havyard Group sitt verft i Lervik i Sogn seinare i år. Etter det NETT NO har grunn til å tru er er dette eitt av skipa der Havyard Group har bomma på kostnadane. 
Nytt

Havyard-kursen stuper

Fall over 35 prosent då børsen opna.

06.05.2019
Melding om nye tap i Havyard Group, berre tre veker etter at 2018-reknskapen blei lang fram, er ikkje tatt godt i mot i aksjemarknaden,.

Klokka 9:29 var kursen 5,50 prosent pr. aksje, eit fall på 36,64 prosent samanlikna med kursen då børsen stengte i går ettermiddag.
Då var Havyard Group verdsett til 215 millionar kroner. No, tidleg formiddag fredag 22. mars, er verdien 136 millionar kroner.

Uventa

Havyard Group sende i går kveld ut ei børsmelding om nye tap, knytt til to prototypeprosjekt.
Etter det NETT NO har grunn til å tru handlar det om ein fiskebåt til ei fransk reiarlag og en brønnbåt til brønnbåtreiarlaget Sølvtrans. At bygginga av desse prosjekta ikkje gjekk etter planen - slik at de må takast større tap, blei først klart for selskapet etter at dei førebelse 2018-tala ble lagt fram, i følgje selskapet.

Meinte dei hadde kontroll

- Vi får skroga i rett tid, vi byggjer skip vi kjenner frå før og vi har kontroll på heile prosessane. Dette skal gå bra, sa Havyard Group-sjef Geir Johan Bakke i eit intervju med NETT NO i august 2018.

Då hadde Havyard-verftet i Leirvik eit tøft byggjeprogram dei neste 16 månadene. 13 skip skulle leverast, derav elleve ferjer til Fjord1, ein brønnbåt til Sølvtrans og ein pelagisk trålar til France Pélagique.

Publisert: 06.05.2019 09:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32