Havyard inn i arbeidsbaatmarknaden
SMÅBÅT: Den 23 meter lange arbeidsbåten for oppdrettsnæringa skal byggast heilt frå grunnen hos Havyard-verftet i Leirvik.
Nytt

Havyard inn i arbeidsbåtmarknaden

Havyard Ship Technology skal byggje ein arbeidsbåt til skotsk selskap. Prisen er rundt 30 millioner kroner.

21.02.2017
Den 23 meter lange båten er langt mindre enn Havyard normalt byggjer ved verftet i Leirvik, men no gjeld det å ta det ein får, i følgje ei pressemelding frå selskapet.
- I dagens marknad handlar det om å vere relevant og tilbyd dei produkta kunden vil ha, seier salssjef Lars Conradi Andersen i pressemeldinga.

Kan bli meir

Kontrakten mellom Havyard Ship Technology og skotske Inverlussa Marine Services gjeld i første omgang eitt farty for levering i april 2017, men reiarlaget har opsjon på å bygge ytterlegare eitt farty for levering i tredje kvartal neste år.
Målet for verftet er at kontrakten også skal bane veg for ytterlegare oppdrag i arbeidsbåtmarknaden.

Kurshopp

Offentleggjeringa av kontrakten ført til oppgang i Havyard-aksjen på Oslo Børs. Straks børsmeldinga kom spratt kursen i veret, frå 8,90 kroner pr. aksje til 9,56 kroner pr. aksje.
Klokka 13:35 er kursen 9,25, ein auke på 3,93 prosent sidan børsslutt i går.

Publisert: 21.02.2017 09:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:01