Havyard gjer ferdig alle skipa
LEIRVIK: Brønnbåten Ronja Storm (t.h.) og fem Fjord1-ferjer (t.v.) vert gjort ferdige ved verftet i Leirvik.
Nytt

Havyard gjer ferdig alle skipa

Havyard Group har inngått avtale med reiarar og kreditorar som sikrar at alle skipa under bygging i Leirvik vert ferdigstilte og overleverte.

08.02.2020
Dette tysdag.
Fjord1 at selskapet har fått ei løysing for å gjere ferdige fem ferjer som selskapet har under bygging ved Havyard Ship Technology i Leirvik.
Fjord1 opplyser at fartøya vil bli leverte i løpet av dei første månadene i 2020, og at leveringa ikkje vil påverke oppstart av nye kontraktar frå årsskiftet.
Dei fem nye hybridferjene er ein del av Fjord1 sitt omfattande ny- og ombyggingsprogram.

Sølvtrans-båt

I meldingane frå Havyard vert det vist til at selskapet har oppnådd semje med reiarar som har liggjande skip for utrustning ved verftet.
I tillegg til Fjord1-ferjer, gjeld det brønnbåten Ronja Storm til Sølvtrans, samt ein pelagisk trålar til French Pelagiq.
Også GIEK og involverte bankar har bidratt til løysinga etter at Havyard fekk store økonomiske problem etter overskridingar på fleire prosjekt, brukte opp eigenkapitalen og kom i brot med lånevilkåra.

Havyard opplyser at ein arbeider vidare for å sikre løysingar for gjennomføring av den øvrige ordreboka.

Sjefsskifte

Måndag gjekk toppsjef Geir Johan Bakke i Havyard etter 15 år, og vart mellombels erstatta av Gunnar Larsen inntil styret har ei permanent løysing på plass.
18. november gjekk også verftsdirektør Lasse Stokkeland ved verftet i Leirvik av med umiddelbar verknad etter å ha leia verftet sidan 2015.
Inn som ny verftsdirektør kom Erlend Hatleberg.

Publisert: 08.02.2020 20:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:46