Havyard aukar Asia satsing
TIL SINGAPORE: Hallvard Fosnavaag (t.v.) blir Havyard Groups nye mann i Singapore. Her saman med salsdirektør Gisle Vinjevoll Thrane.
Nytt

Havyard aukar Asia-satsing

Havyard Group aukar satsinga i Asia og gjenopnar Singapore-kontoret.

22.01.2015
Hallvard Fosnavaag er tilsett som ny leiar i Havyard Group sitt kontor i Singapore.
Verftskonsernet har hatt eit selskap i Singapore i fleire år, men har ikkje hatt drift der dei sist to-tre åra, i følgje kommunikasjonssansvarleg Gunnar Larsen.
Det heng delvis saman med at det har vore meir å nok å gjere på anna hald, men no meiner selskapet at det er behov for å styrkje innsatsen i Asia.
- Vi har lenge sette behovet for å vere meir til stades og meir tilgjengleg for kundane lokalt, seier Larsen.
Fosnavaag har erfaring både som operasjonssjef og kaptein. Som sjef for Havyard Far East får han ansvaret for Asia utanom Kina, og Midt-Austen.
Larsen seier Fosnavaag skal arbeide med å selge og marknadsføre design og utstyr. Nokre oppdrag kan ende opp med bygging i Noreg, men Larsen ventar at arbeidet i hovudsak vil resultere i at verftskonsernet sel fleire design- og utstyrspakkar til skip som blir bygd i utlandet.

Publisert: 22.01.2015 12:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:40