Havyard aksjen rett opp
HAVYARD: Ein god dag for Havyard-aksjonærane.
Nytt

Havyard-aksjen rett opp

Det burde ikkje vere noko overrasking, men marknaden sende likevel Havyard Group-aksjen rett opp etter avtalen med Havila Kystruten.

24.09.2018
Havyard-aksjen steig 30 prosent etter at nyheita vart kjend at Havyard Group skulle levere design og utstyr for totalt ein milliard kroner til Havila Kystruten sine fire skip.
Sjølv om det har vore kjent at Havyard Design & Solutions har arbeidd med prosjektet, kom nyheita likevel overraskande på marknaden, som reagerte med å sende aksjekursen rett opp.

Pluss 28,7 prosent

Klokka 15:30 vart aksjen handla til 13,90 kroner, ein oppgang på 28,7 prosent frå sluttnoteringa på 10,80 kroner fredag.
Kursauken var godt nytt også for Per Sævik og familien som i tillegg til å eige Havila Kystruten også eig 57,7 prosent av aksjane i Havyard Group.
Med ein kurs på 13,90 kroner aksjen, har Havila Holding auka verdien av sine Havyard-aksjar med 44,2 millionar kroner.
Ein kurs på 13,90 kroner aksjen prisar heile konsernet til 344,5 millionar kroner.
Kursen fall litt igjen i slutthandelen måndag og enda på 13,50 kroner aksjen.

Publisert: 24.09.2018 17:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26