Havvind kan dekkje straumbehovet i verda 18 gonger
HYWIND: Havvindkraft har eit enormt potensial, går det fram av ein rapport frå Det internasjonale energibyrået (IEA). Her frå slepinga av ei av Hywind-turbinane til Equinor frå Noreg til Skottland. 
Nytt

Havvind kan dekkje straumbehovet i verda 18 gonger

Potensialet for vindkraftproduksjon til havs er enormt og kan gi straum tilsvarande 18 gonger verdsbehovet.

29.01.2020
NPK: Dette ifølgje reknestykke som Det internasjonale energibyrået (IEA) har gjort.
– Havvind står no for berre 0,3 prosent av den globale straumproduksjonen, men potensialet er enormt, slo IEA-sjef Fatih Birol fast i ein om havvind som byrået la fram i november i fjor.

Sterk vekst

Av rapporten går det fram at produksjonen av havvindkraft voks med nesten 30 prosent frå 2010 til 2018, men at det likevel er det langt igjen til potensialet er utnytta. Det utgjer på verdsbasis over 420.000 TWh per år, 18 gonger meir enn det samla straumforbruket i verda i dag, ifølgje IEA-overslaga.
– Det er ingen som tenkjer at ein skal byggje ut 18 gonger verdsbehovet, men eitt av scenarioa til EU-kommisjonen for å nå 1,5-gradersmålet er at Europa får ein tredel av straumen frå havvind i 2050, seier sjefsforskar John Olav Tande i Sintef til NRK.

Havvind meir aktuelt

Med den veksande motstanden mot vindkraftverk på land trur også Tande havvindkraft blir meir aktuelt framover.
– Motstand mot vindkraftanlegg er ein tydeleg trend. Derfor trur eg det bli meir og meir aktuelt å byggje ut havvind. Det er det ikkje konfliktfritt med havvind heller. Det må gjerast med omtanke for havmiljø, fisk og fugl, seier han.
Ifølgje IEA er det mogleg å dekkje alt straumbehov i verda alt i 2040 om ein berre byggjer ut dei mest attraktive områda nær kysten.

Publisert: 29.01.2020 17:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:51