Nytt
Havila startar eige hotellselskap
Havila Holding aukar satsinga på reiseliv, og startar no sitt eige hotellselskap.
06.10.2018
- Målet er å vekse, seier dagleg leiar Günther Dahler i det nystarta selskapet Havila Hotels.
Styreleiar er Hege Sævik Rabben.
- Vi ser på mange spennande mulegheiter, seier ho.
I Havila Hotels ligg det frå starten 100 prosent eigarskap i Hotel Ivar Aasen i Ørsta, samt Hotel Raftevold i Hornindal.
I tillegg vil det bli vurdert å legge inn 45 prosent eigarskap i Fosnavåg Vekst, som er selskapet bak Thon Hotels Fosnavåg.
Günther Dahler seier at ein er fornøgd med utvikllnga for Hotel Ivar Aasen og Raftevold Hotell etter overtakinga.
- I Ørsta har vi klart å snu miksen frå å vere mykje bussturistar til å vere meir individuielt reisande som i tillegg er meir enn ei natt på hotellet.
- I tillegg har vi klart å knyte hotellet tettare opp mot lokalsamfunnet, både bedrifter og privatpersonar.
- Her var det svært godt belegg om sommaren. No gjeld det å få utnytta heile året.
Hege Sævik Rabben seier at ein mellom anna ser på korleis ein skal utnytte hotellhagen på ein betre måte enn i dag.
- I tillegg ser vi på mulegheitene av å utnytte Hornindalsvatnet. Det er trass alt snakk om europas djupaste innsjø.
Günther Dahler seier at ein også ser på ulike pakkar, der ein også knyter tilboda opp mot andre aktivitetar i regi av Havila Kystruten, The Fjords og andre selskap.
- Vi har mange spennande idear, seier han.
Ps: Havila Holding AS eig 33,4 prosent av Bakkar og Berg Media AS, som er utgivarselskapet bak NETT NO.
Styreleiar er Hege Sævik Rabben.
- Vi ser på mange spennande mulegheiter, seier ho.
Ørsta og Hornindal
Det nystarta hotellselskapet er 100 prosent eigd av Sævik-familien sitt haldingsselskap Havila Holding.I Havila Hotels ligg det frå starten 100 prosent eigarskap i Hotel Ivar Aasen i Ørsta, samt Hotel Raftevold i Hornindal.
I tillegg vil det bli vurdert å legge inn 45 prosent eigarskap i Fosnavåg Vekst, som er selskapet bak Thon Hotels Fosnavåg.
Nytt Tórshavn-hotell
Derimot ligg hotellinvesteringa i Tórshavn på Færøyane direkte under Havila Holding. Her er Sævik-familien medeigar i Hotel Norrøna, samt i Smyril line, som eig Hotel Hafnia og samtidig bygg nytt hotell i Torshavn.Günther Dahler seier at ein er fornøgd med utvikllnga for Hotel Ivar Aasen og Raftevold Hotell etter overtakinga.
- I Ørsta har vi klart å snu miksen frå å vere mykje bussturistar til å vere meir individuielt reisande som i tillegg er meir enn ei natt på hotellet.
- I tillegg har vi klart å knyte hotellet tettare opp mot lokalsamfunnet, både bedrifter og privatpersonar.
Vil utnytte hotellhagen
Når det gjeld Hotel Raftevold seier Dahler at det hotellet var godt drive.- Her var det svært godt belegg om sommaren. No gjeld det å få utnytta heile året.
Hege Sævik Rabben seier at ein mellom anna ser på korleis ein skal utnytte hotellhagen på ein betre måte enn i dag.
- I tillegg ser vi på mulegheitene av å utnytte Hornindalsvatnet. Det er trass alt snakk om europas djupaste innsjø.
Günther Dahler seier at ein også ser på ulike pakkar, der ein også knyter tilboda opp mot andre aktivitetar i regi av Havila Kystruten, The Fjords og andre selskap.
- Vi har mange spennande idear, seier han.
Ps: Havila Holding AS eig 33,4 prosent av Bakkar og Berg Media AS, som er utgivarselskapet bak NETT NO.
I tillegg ser vi på mulegheitene av å utnytte Hornindalsvatnet
Publisert: 06.10.2018 06:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26