Havila redda fraa konkurs
I MÅL: Over eitt års arbeid med refinansiering er i mål for administrerande direktør Njål Sævik. Får støtte frå alle partar og unngår konkurs for Havila Shipping.
Nytt

Havila redda frå konkurs

Får støtte frå obligasjonseigarane. Unngår konkurs. Letta tilsette etter tøff tid.

18.04.2017
- Vi er kjempeglade for at vi får behalde jobbane i første omgang, seier Gunnar Helgeland, hovudtillitsvald for medlemane i Norsk Sjømannsforbund i Havila Shipping.
Han anslår at han mellom 70 og 100 medlemer att, og seier at fleire kan gå ut i permitteringar i samband med at Havila Shipping er i ferd med å legge fleire skip i opplag.

Helgeland erkjenner at krisa på langt nær er over og arbeidsplassane sikre, sjølv om konkursen er avverga. Men han håpar marknaden har nådd botnen.
- Vi håpar det skal snur no, og at det blir betre for oss alle, seier Helgeland.

Tøff tid

Ventetida fram til avklaringa kom har vore tøff, vedgår Helgeland.
Sidan Havila Shipping er eit børsnotert selskap har dei tilsette ikkje fått meir informasjon om utviklinga i forhandlingane enn det som er sendt ut som børsmeldinga.
- Du føler ei viss maktesløyse. Du kan ikkje gjere nokon ting, du er heilt avhengig av kva andre legg opp til at du kan gjere, seier Helgeland.

Hardt arbeid vidare

- Det som vi har bedt om og fått aksept for sikrar oss til hausten 2020, seier finansdirektør Arne Johan Dale etter at avklaringa er på plass og konkursen avverga.

Han er letta, og spesielt glad for dei tilsette.
- Dei som for nokre timar sidan har lurt oå korleis arbeidsplassen utviklar seg i desember, dei har no fått ei avklaring, seier Dale.
Men det blir ikkje snakk om å kvile på laurbæra.
- Det er berre å fortsette å ha ermane i den posisjonen dei er, for det blir hardt arbeid i fortsettelsen, seier han.

Hardt mot hardt

Bankane som har lånt pengar til Havila Shipping og sit med pant i skipa stilte i førre veke ultimatum til obligasjonslångivarane som nekta å godta refinansieringsplanen som låg på bordet.

Eigarane av det usikra obligasjonslånet på 500 millionar kroner ville ha meir enn 15 prosent av lånet attende, og hadde som ytterste alternativ at dei gjorde om lånet til aksjar og vart majoritetseigarar.
Det gjekk ikkje bankane med på, og obligasjonseigartalsmann Tom Henning Slethei sa fredag at obligasjonseigarane ville gi etter.

Respekt for långivarane

Det er eigarane av eit obligasjonslån på 500 millionar kroner som i februar i år hindra at Havila Shipping fekk nok støtte til refinansieringsforslaget og det var dei som sa nei då ein ny plan vart røysta over i førre veke.
Dale seier han har respekt for at långivarane til slutt snudde og forståing for at deira motstand mot planen som lå på bordet.
- At långivarane arbeider for å få ein betre handel for sin eigen det har eg respekt for, seier Dale.
Konkurs har heile tida vore eit alternativ, og blei meir sannsynleg dess verre marknaden for offshoreflåten har utvikla seg.

Vi er kjempeglade for at vi får behalde jobbane i første omgang

Publisert: 18.04.2017 17:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:04