Havila konsernet over det verste
HAVILA: Per Sævik og familien eig store aksjepostar i Havila Shipping, Fjord 1 og Havyard i tillegg til eigedom og andeler i fiskefarty m.m. 
Nytt

Havila-konsernet over det verste

Per Sævik reknar ikkje med fleire nedskrivingar i Havila Holding-konsernet. Han synest det ser rimeleg greitt ut framover, sjølv om det vert tøft i offshore ei stund til. 

Kristin Vidhammer
19.07.2017
Store nedskrivningar øydelagde resultatet til Havila Holding-konsernet også i fjor. Etter nedskrivingar på 937 millioner kroner, vart resultatet eit underskot på 928 millioner kroner.
Les også:
Ifølgje Sævik, er fordelen at ein no har gjort dei nedskrivingane ein kan.
- Det som er grunnen til at steinraset i resultatet fortsette i fjor, er dei store nedskrivingane. Det gjeld både i Havila Shipping og skipsandeler i Norge og på Færøyane gjennom Havyard Ship Invest og Vestland Offshore. Regnskapsmessig ser det difor fortsatt dramatisk ut. Fordelen er at ein no har gjort dei avskrivingane ein kan, slik at vi allereie har skrapa botnen og er på grunnfjellet. I 2017 vil det ikkje kome fleire nedskrivingar, seier han.
Havila Holding eigde ved årsskiftet 51 prosent av børsnoterte Havila Shipping, som driv 27 offshorefarty, 67 prosent av ferjeselskapet Fjord 1, 57,7 prosent av børsnoterte Havyard Group asa, eigedom gjennom mellom anna Havila Ariel, samt eigarpostar i fiskefarty o.l.

Fortsatt tøft i offshore

Han meiner dei ser greitt ut for mange forretningsområder i Havila Holding-konsernet framover, sjølv om 2017 og 2018 heller ikkje vil vere normalår når det gjeld inntening for Havila Shipping.
- Offshorekrisa har møtt oss rimeleg tøft, men ser ein på dei underliggande verdiane, er vi greitt posisjonert for ein opptur som vi er rimeleg sikre på vil kome innan offshore. Oljealderen er ikkje forbi og verden treng meir olje i morgon enn i dag. Men vi vil nok merke at både 2017 og 2018 vil gje ein for liten inntening i forhold til eit normalår. Difor er det dette forretningsområdet som fortsatt vil vere det tøffaste, seier han.

Fjord 1, Havyard og eigedom

Konsernet hadde i fjor driftsinntekter frå offshore/skipsfart på over 1,1 milliarder. Driftsinntektene frå eigedom var 136 millioner kroner og frå skipsverft/design var driftsinntektene nesten 2 milliarder kroner.
Frå ferge og passasjerbåt-området var driftsinntektene på 477 millioner. Fjord 1-konsernet vart konsolidert inn i Havila Holding-konsernet med verknad frå 01.09.2016. Dersom Fjord 1 hadde vore konsolidert inn allereie frå 1. januar, hadde driftsinntektene frå dette forretningsområdet vore på nærmare 2,2 milliarder kroner.
Les også:
- Når det gjeld Fjord 1, er dei inne i ein rimeleg god periode og også innan eigedom går det rimeleg greitt. Havyard ville i fjor fått eit brukbart resultat hadde det ikkje vore for dei dramatiske nedskrivingane i skipsandelar. Havyard har også ein betydeleg ordrereserve som ikkje er relatert til offshore, blant anna skal dei bygge åtte ferger for Fjord 1, seier Sævik.
Les også:
Les også:

Børsnoterte Fjord 1

I mai selde dotterselskapet Havilafjord 48,5 prosent av Fjord1, som i kombinasjon med utøving av kjøpsopsjon og notering på Merkur Market ved Oslo Børs, gjer at Havilafjord no sit på 51,5 prosent av aksjene. Styret skriv i årsmeldinga at det er venta eit betydeleg resultatbidrag frå denne transaksjonen i 2017.
Les også:
Driftsinntektene i Havila Holding-konsernet vart i fjor 3,8 milliarder kroner, mot 3,6 milliarder året før.
Havila er eigd av Per Sævik med 10 prosent og borna Njål, Vegard og Hege med 30 prosent kvar.
Havila eig 33,3 prosent av Bakkar og Berg Media, som står bak NETT NO.
Offshorekrisa har møtt oss rimeleg tøft, men ser ein på dei underliggande verdiane, er vi greitt posisjonert for ein opptur som vi er rimeleg sikre på vil kome

Publisert: 19.07.2017 14:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:12