Havila Kystruten droppar norske verft
KYSTRUTEN: Alle dei fire skipa til Havila Kystruten skal byggjast i utlandet.
Nytt

Havila Kystruten droppar norske verft

Alle dei fire nye skipa til Havila Kystruten skal byggjast i utlandet.

31.05.2018
- Vi er no inne i sluttprosessen rundt val av verft, men det er klart at det likevel ikkje vert bygging i Norge.
Det seier Per Sævik i Havila Kystruten.
Frå før er det klart at to av dei fire nye skipa skal byggjast ved verftet Hijos de J. Barreras i Vigo i Spania.

- Positivt feil

I samband med messa Shipbuilding Exhibition i Vigo i slutten av mai sende Barreras-leiinga ut eit nyheitsbrev og opplyste om kontrakten på to skip med Havila Kystruten.
Kontraktsprisen på kvart av dei 125 meter lange skipa vart oppgitt til rundt 100 millionar Euro.
Samstundes vart det opplyst at dei to siste skipa skulle byggjast ved Havyard-verftet i Leirvik.
- Dette er positivt feil. Det vert ingen kontrakt til Havyard på desse skipa, seier Sævik.

Laber norsk interesse

Han opplyser at Havila Kystruten har hatt kontakt med fem norske verft.
- Interessa for å byggje desse skipa ved norske verft har ikkje vore særleg stor.
Han trur at erfaringane med Hurtigruten sine nye ekspedisjonscruiseskip ved Kleven har dempa interessa.
- Ja, det virkar slik at mange norske verft er skeptiske til å ta på seg oppdrag på denne type tonnasje.
Ps: Havila Kystruten er 100 prosent eigd av Havila Holding, som igjen eig 33,4 prosent av Bakkar og Berg Media - utgivarselskapet bak NETT NO.
Det vert ingen kontrakt til Havyard på desse skipa

Publisert: 31.05.2018 14:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22