Havila Kystruten byter truleg byggjeverft
VIGO: Ritz-Carlton er i ferd med å overta kontrollen over spanske Barreras, men vil konsentrere seg om å gjere ferdig sitt eige skip Evimra (bildet). Dette fører truleg til at Havila Kystruten og adm. dir. Arild Myrvoll (innfelt) byter verft for å byggje to av sine skip.
Nytt

Havila Kystruten byter truleg byggjeverft

Ritz-Carlton overtar kontrollen på det konkurstruga spanske verftet Barreras, men konsentrerer seg kun om sitt eige skip.

26.11.2019
- Vi har fått denne informasjonen via media, men avventar endeleg verifisering, og så tar vi det derifrå. Det har vist seg vanskelig å få god og presis informasjon fra prosessen rundt Barreras.
Det seier adm. dir. Arild Myrvoll i Havila Kystruten.

Hindrar konkurs

Ifølgje den spanske avisa har amerikanske Ritz-Carlton lagt på bordet ei løysing som hindrar at det spanske verftet Hijos de Barreras blir slått konkurs.
Men Ritz-Carlton opplyser samstundes at selskapet vil konsentrere seg om å få ferdig sitt kombinerte cruiseskip/superyacht Evimra, og at det ikkje vert arbeid på andre skip før Evimra er levert.
Som ein del av løysinga vert prisen på skipet auka med minst 54 millionar Euro, ifølgje Faro de Vigo.
Dette er dårleg nytt for Havila Kystruten, der bygginga av søsterskipa Havila Pollux og Havila Polaris stoppa opp i august på grunn av akutte økonomiske problem ved det spanske verftet, og der heile toppleiinga vart fjerna.

Ser på norske og utanlandske verft

Arild Myrvoll opplyser at ein parallelt med å få til ei løysing på Barreras, har selskapet innhenta prisar og diskutert leveringstid ved fleire andre veft, både i Norge og i utlandet.
- Vi har gode alternative løysingar om vi ikkje gjer ferdige skipa på Barreras, seier Myrvoll.
Etter det NETT NO kjenner til er eitt av alternativa å byggje dei to skipa ved verftet Metalships, som også ligg i Vigo.
Men i tillegg har Havila Kystruten vore i kontakt med tyrkiske Tersan, som byggjer dei to andre skipa for Havila Kystruten.
Om skipa skal byggjast i Norge, er det fleire som kan vere aktuelle, blant anna Fosen/Kleven.

Vurderer å starte frå 'scratch'

Styreleiar Per Sævik i Havila Kystruten har tidlegare opplyst at det kan vere aktuelt å starte bygginga frå starten av om ein vel å forlate Barreras.

Ved å starte på ‘scratch’ vil ein også få løyst vekt- og djupneproblema på skipa, der planen på Barreras gjekk ut på å forlenge skipa med ni meter.
Arild Myrvoll seier at det kan vere fleire gode grunnar til å starte bygginga frå nytt av.
- Slik det ser ut til no, står vi ved eit vegskilje, men vi kan ikkje konkludere før vi har all den informasjonen vi treng frå Barreras.

Snarleg oppstart

Ifølgje Faro de Vigo er planen å starte arbeidet på Evimra i slutten av desember eller i starten av januar. Også dette skipet er kraftig forseinka, og skipet skulle opphaveleg døypast i samband med Super Bowl-finalen i Miami 2. februar.
No opplyser Ritz-Carlton at det vert fullt fokus på å gjere ferdig skipet så raskt som muleg.
Evimra er det første i ein serie yacht/cruiseskip i Ritz-Carlton Yacht Collection, som er eit samarbeid mellom Ritz-Carlton og Oaktree, og der Oaktree har stått for finansieringa.
Oaktree er eitt av verdas største finansieringsselskap, og forvaltar rundt 122 milliardar USD.
Arild Myrvoll opplyser at arbeidet med dei to skipa til Havila Kystruten ved tyrkiske Tersan går etter planen.
Desse skipa skal inn i ruta Bergen – Kirkenes 1. januar 2021, medan Havila Kystruten må leige inn reserveskip fram til Havila Pollux og Havila Polaris er ferdige. Desse skipa kan no verte inntil eitt år forseinka.

Vi har gode alternative løysingar om vi ikkje gjer ferdige skipa på Barreras

Publisert: 26.11.2019 05:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:45