Havila Kystruten avviser finansieringsproblem
BARRERAS: Dette skipet til Ritz-Carlton er kraftig forseinka, og spanske Barreras har hamna i store økonomiske vanskar, som også får konsekvensar for bygginga av to skip til Havila Kystruten.
Nytt

Havila Kystruten avviser finansieringsproblem

Meiner det er spreidd bevisst feilinformasjon, men vil ikkje betale konkursutsette Barreras før bankane har gitt garantiar.

14.10.2019
Fleire medier har siste dagane opplyst at Havila Kystruten har betalingsproblem knytt til ferdiggjering av to av sine skip ved spanske Barreras. No tilbakeviser Havila Kystruten dette i ei pressemelding måndag.
- Vi har fullfinansiert alle fire skipa og finansieringa har vore på plass i ein lang periode, fortel administrerande direktør i Havila Kystruten, Arild Myrvoll, i pressemeldinga.
Han slår fast at både betalinga og bygginga av dei to skipa hos tyrkiske Tersan går etter planen. Hos verftet Barreras i Spania ventar ein no på ei avklaring av verftet sin økonomiske situasjon.

Vil ha bankgarantiar

Havila Kystruten viser til at Barreras har hatt store vanskar med andre byggeprosjekt, og både styreleiar, administrerande direktør og finansdirektøren ved verftet er kasta. Nyleg tok også verftet ut konkursbeskyttelse.
- Havila Kystruten kan ikkje betale til verftet utan at bankane kan gi oss garantiar, men vi er klare når det er på plass. Havila Kystruten har betydeleg eigenkapital, og i tillegg til inngåtte låneavtalar, er alle dei fire skipa fullfinansierte og har vore det i ein lang periode.
I sommar vart det klart at det var tekniske utfordringar rundt vekt og djupgang for dei fire skipa. Det er det funne løysingar på både for bygginga hos Tersan og Barreras. Difor ventar no Havila Kystruten berre på økonomisk avklaring hos Barreras.
- Men dette er avhengig av andre aktørar enn oss, verftet sjølv, finansinstitusjonar og andre kundar. Vi håper på ei snarleg avklaring, og straks den er klar, er vi klar. Vi har både finansieringa og dei tekniske løysingane på plass, seier Myrvoll.

Vil forlenge med ni meter

NETT NO kjenner til at skipa er 1200 tonn for tunge, og dermed vil få djupneproblem ved Riserenna og eit par andre av dei 34 hamnene på Kystruta.
Ved Barreras er planen å forlenge skipa ni meter for å løyse djupgangsproblema.

Havila Kystruten har kontrakt med Samferdselsdepartementet som seier at dei skal drifte fire skip på kystruta mellom Bergen og Kirkenes frå januar 2021.
- Det skal vi finne ei løysing på. Vi har tett kontakt med Samferdselsdepartementet, vi held framdrifta på dei to skipa som vert bygde i Tyrkia og vi arbeider for å ha på plass ei løysing slik at vi kan overhalde kontrakten og levere trygg og god transport langs kysten på alle dei fire rutene.

Vil leige inn skip

Etter det NETT NO kjenner til er dei to skipa frå spanske Barreras i Vigo allereie rundt eit halvt år forseinka.
Havila Kystruten planlegg difor å leige inn to reserveskip til å trafikkere ruta inntil deira eigne skip er på plass.
Barreras-verftet har store økonomiske problem, og verftspresident Jose García Costas har nyleg gått av. Det same med dagleg leiar Alfonso López Loureiro og finansdirektør Juan Manuel González.

Utsett superskip

Årsaka skal blant anna vere sterk misnøye frå cruiseselskapet Ritz-Carlton som har under bygging eit ekspedisjonscruiseskip ved verftet.
Det kombinerte cruiseskipet/superyachten skulle i utgangspunktet koste 240 millionar Euro, men prislappen auka til over 300 millionar Euro, samstundes som at skipet ikkje vart levert i tide.
Planen var at skipet skulle segle ut frå Miami parallelt med finalen i Super Bowl i februar.
Dette vert det no ikkje av etter at Ritz-Carlton sist veke opplyste at leveringa av skipet er utsett frå 5. februar til 13. juni neste år.

Tidlegare Sølvtrans-eigar

Dette skipet er det første i ein serie av hybride yacht/cruiseskip i, som er eit samarbeid mellom Ritz-Carlton og Oaktree, og der Oaktree har stått for finansieringa.
Oaktree Capital er eitt av verdas største investeringsselskap, og forvaltar rundt 122 milliardar USD. Det var for øvrig det same selskapet som kjøpte seg inn i brønnbåtselskapet Sølvtrans då det selskapet vart tatt av børs i 2014.
No tar Oaktree grep også på Barreras ettersom det er avgjerande for selskapet at verftet vert halde i live.
Avisa Faro de Vigo opplyser at dagens eigarar Pemex, Albacora og Garcia Costas no forhandlar med Oaktree om sal av aksjane.

Jobbar med ny finansiering

Det meksikanske oljeselskapet Pemex er hovedaksjonær med 51 prosent etter at selskapet kjøpte seg inn i det spanske verftet i 2013, eit verft som har ein 120-årig tradisjon.
Ifølgje gjekk bygginga av Ritz-Carlton skipet greit heilt til verftet starta på arbeidet med dei to skipa til Havila Kystruten.
Samstundes skal Oaktree vere i ferd med å få på plass ny finansiering, blant anna gjennom opptak av eit større lån, som sikrar fullføring av byggjearbeida på cruise, der det er bestilt ytterlegare to skip i tillegg til Evrima.
Faro de Vigo opplyser ikkje om lånet også omfattar fullføring av dei to Havila Kystruten-skipa, men NETT NO kjenner til at det har vore møter mellom partane om ei slik løysing.
Vi håper på ei snarleg avklaring, og straks den er klar, er vi klar. Vi har både finansieringa og dei tekniske løysingane på plass

Publisert: 14.10.2019 14:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:41