Havila Kystruten Ikkje akseptabelt
FEKK INNSPEL: Administrerande direktør Arild Myrvoll (.t.v) i Havila Kystruten og dagleg leiar Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest var mellom dei som kom med innspel til næringsminister Iselin Nybø torsdag. 
Nytt

Havila Kystruten: – Ikkje akseptabelt

Kystruten-direktør peiker på at konkurrenten Hurtigruten får fleire hundre millionar i krisestøtte, medan dei ikkje får noko. Næringsministeren forstår frustrasjonen.

Marius Rosbach
02.10.2020
Næringsminister Iselin Nybø fekk ein lang rekke innspel frå maritime bedrifter under eit innspelsmøte i Ulsteinvik torsdag.
Administrerande direktør Arild Myrvoll frå Havila Kystruten tok opp utforminga på den sokalla kontantstøtta og låneordningane som styresmaktene har kome med i samband med koronakrisa.
Det er ordningar som det nystarta reiarlaget ikkje får ta del i. Årsaka er at dei ikkje har omsetning å vise til frå i fjor, og såleis ikkje kan dokumentere ein inntektssvikt.
– Utover det er vi i same situasjon som vår konkurrent som har fått innvilga fleire hundre millionar kroner frå denne krisepakka, sa Myrvoll.
Han bad statsråden sjå på om det er andre faktorar som kan takast med i utrekninga, som gjer at dei også kjem med i ordninga .
– Dette blir veldig konkurransevridande for oss som skal drive langs kysten. Vi vil at dokke skal sjå på dette ein gong til. Det er ikkje akseptabelt for oss at dette skal få eit slik konkurransevridande utfall som det har fått.

Statsråden vil vurdere saka

Næringsministeren gir uttrykk for at ho forstår frustrasjonen, men hadde ikkje konkrete nye tiltak i bagasjen torsdag.

– Eg ser korleis ting ser ut frå deira si side, og dei ordningane vi har hatt til no, tek ikkje høgde for det. I den nye ordninga vi jobbar med no, så ser vi på dette, men førebels er vi ikkje ferdige, fortel Nybø til NETT NO.
Statsråden kan ikkje seie sikkert når den neste kompensasjonsordninga blir lagt fram, men reknar med at dei framleis vil trenge noko tid.
Då Nybø besøkte Ulstein Verft tidlegare torsdag før ny tiltak kjem på bordet.
Noko anna som kan vere god hjelp for Havila Kystruten, er om dei slepp å starta seglasane frå nyttår. Det vil gi store innsparingar og kva dei skal gjere.

Får ikkje støtte ved underskot

Arnfinn Ingjerd i Maritim Forum Nordvest støtta heilhjarta synet til Havila Kystruten. Han viser til at det også er andre sider ved ordninga som gjer at den ikkje treffer den maritime industrien.
– Mange maritime bedrifter hadde raude tal i fjor, og kjem heller ikkje med i ordninga, seier Ingjerd.
Bodskapen til Maritimt Forum er at ein komande kontantstøtteordning må treffe maritime bedrifter betre.

Treng midlar for å planlegge minesveiparar

Andre innspel frå næringa var, eit tiltak som mellom anna Kongsberg Maritime har snakka varmt om.
Nybø ville gjerne vite meir om forslaget. Kommunikasjonssjef Anette Bonnevie Wollebæk i Kongsberg Maritime kunne fortelje at ho hadde fått beskjed frå Forsvaret om at dei trengde pengar på statsbudsjettet for å planlegge eit slikt prosjekt.
Næringsministeren fekk beskjed om at det stod om kring 500 millionar kronar – og Nybø ga beskjed om at ho ville sjå på saka.
Kongsberg har tidlegare opplyst at bygging av desse skipa, kan gi 20.000 årsverk i den maritime næringa, og Frp er mellom partia som vil gå for dette.

Skeptisk til utvida kondemneringsordning

Både Kjetil Bollestad frå Green Yard Kleven og Island Offshore-sjef Tommy Walaunet tok opp behovet for ei utvida panteordning, eller kondemneringsordning for skip, slik at den også kunne gjelde offshoreskip.
Næringsministeren ville vite meir om kva for bidrag næringa såg føre seg måtte til, for at ei slik ordning ville bli brukt. Ho viste til at har vore at få reiarlag har nytta seg av tilsvarande ordning.
Walaunet anslo på sparket at det kan vere naudsynt med fleire tiltals millionar per skip. Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest kunne også opplyse om at det gjekk føre seg ei utgreiing i næringa kring dette.

Les også:




Synspunkt:


Det er ikkje akseptabelt for oss at dette skal få eit slik konkurransevridande utfall som det har fått

Publisert: 02.10.2020 02:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03