Havfisk byggjer nytt
EIN TIL: Den nye trålaren blir ei vidareutvikling av "Nordtind" som vart overlevert frå Vard til Havfisk i januar i år.
Nytt

Havfisk byggjer nytt

Vard skal byggje trålar.

10.04.2018
Kontrakten er på rett i underkant av 400 millionar kroner, skriv Vard i ei børsmelding.

Trålaren er teikna av Vard i samarbeid med reiarlaget og er ei vidaretuvikling av trålaren "Nordtind" som vart overlevert frå Vard til Havfisk i januar i år. Det nye skipet blir 80 meter langt og 17 meter breitt.
Trålaren skal vere ferdig i første kvartal 2020. Skroget blir bygd hos Vard Braila i Romania, og skipet blir utrusta hos Vard Søviknes.

Trålar nummer fe.

Den nye trålaren er den femte i rekkja Vard og byggjer for Havfisk.
Gadus Poseidon, Gadus Njord and Gadus Neptun var overlevert i 2013 og 2014 og Nordtind no i januar.

Levandelagring og batteri

Den nye trålaren får mellom anna anlegg for å lagre fisken levande ombord før slakting. Det er eit anlegg som skal gi betre kvalitet på fisken.
Skipet blir og utstyrt med batteri som blir lada av dieselmotorane. Det gjer at skipet kan kombinerer diesel og elektrisitet til framdrift og operasjon, slik at dieselforbruk, og utslepp av eksos, blir redusert.
"Nortind" er den første Havfisk-trålaren med ensilasjeanlegg for å bearbeide og ta vare på restråstoffet. Det er det første Havfiskfartøyet med eit slikt anlegg. Den nye trålaren for og eit slikt anlegg.

Norsk verft

Havfisk har i dag 10 farty i flåten og er det største fiskebåtreiarlaget som fiskar kvitfisk (torsk, sei, hyse og liknande fiskeslag).
Reiarlaget har hovudkontor i Ålesund og er eigd har Lerøy Seafood Group.
Adminsterande direktør Webjørn Barstad i Havfisk seier i pressemelding at han er glad for at byggekontrakten hamn hos eit norsk verft.
- I eit tid der mange norske skipseigarar går utanlands med sine byggjeprosjekt er eg glad vi kan halde fram med utruste våre skip heim, seier han.

Publisert: 10.04.2018 06:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:20