Haugenbok og Komplett skal samarbeide
NY MARKNADSPLASS: Nettbokhandelen Haugenbok.no blir ein av nettbutikkane på netthandelsmarknadsplassen Komplett.no.
Nytt

Haugenbok og Komplett skal samarbeide

Nettbokhandelen går til netthandel-marknadsplass.

20.02.2018
NPK: Snart kan nordmenn handle bøker på Komplett. No har netthandelen underteikna ein partnaravtale med haugenbok.no.
– Når vi no skal byrje å selje bøker, valde vi haugenbok.no fordi dei var tidleg ute på nett og passar perfekt for oss, seier direktøren for Komplett Markedsplass, Anton Hagberg, til .
– Dette er ein stor og strategisk viktig avtale for oss. Mange nordmenn handlar bøker på nett, og haugenbok.no passar som hand i hanske med oss. Dei var først ute, og dei held eit høgt tempo på leveransane sine. Det gode omdømmet deira og ikkje minst at dei har mange fornøgde kundar, gjorde valet enkelt for oss. Vi er svært glade for at dei no blir partnarar, seier Hagberg.

Haugen Bok blei etablert i 1929. På 80-talet byrja verksemda med postordresal av bokverk. Som den første bokhandelen i Noreg, starta haugenbok.no i 1996 med sal av bøker på nett. Haugenbok er i dag eigd av Vigmostad & Bjørke-konsernet.
Komplett Group er Nordens største netthandelsaktør med totalt 18 nettbutikkar. Komplett Group hadde i 2017 ei samla omsetning på 8,5 milliardar norske kroner. Hovudkontoret ligg i Sandefjord og konsernet har 750 tilsette.
Anton Hagberg seier til BOK365 at bøker er ein del av Kompletts nye strategi for å etablere seg på fleire felt. Framover vil netthandelen også satse på til dømes kjøkkenutstyr, elektriske artiklar og klede.

Publisert: 20.02.2018 13:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18