Hasund held stand
TØFT: Selskapet er nede på ei minimumsbemanning, seier Hasund Mek.-sjefen. Fekk ein liten auke i fjor.
Nytt

Hasund held stand

Hasund Mek. Verksted fekk eit lite løft i fjor.

20.03.2018
Veslebror i verkstadsindustrien i Ulsteinvik fekk ein liten auke i driftsinntekter og lønsemd i fjor (sjå tabell), men dagleg leiar Vegard Hasund seier selskapet opplever ein tøff og krevande marknadssituasjon.
Selskapet største force er fleksibilitet og kort leveringstid. Hasund Mek. Verksted sysselset 4,6 årsverk og driv med maskinering, brenning av stål og generell stålproduksjon, først og fremst som underleverandør til dei andre bedriftene i regionen.

Tapte Rolls-Royce Marine

I 2014 utgjorde leveransar til Rolls-Royce Marine sitt anlegg i Hjørungavåg (tidlegare Odim) rundt 50 prosent av driftsinntektene til selskapet.
Selskapet jobbar hardt for å skaffe seg nye kundar, som delvis har erstatta bortfallet av inntekter fra Rolls-Royce Marine i Hjørungavåg. Hasund Mek. Vurderer dagens situasjon som absolutt minimumsbemannin, i følgje Vegard Hasund.

Kort horisont

Hasund Mek. Verksted er van med å arbeid med ein kort tidshorisont, der etterspørelsen svingar.
Januar i år starta svakt, men februar blei brukbart, i følgje Vegard Hasund.
Han reknar med at 2018 blir omlag som 2017 og 2016, mål i driftsinntekter og lønsemd.

Publisert: 20.03.2018 08:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:19