Hareid Group vil satse meir paa handel
NYE FARGAR MANGLAR: Utandørs er Elkjøpskiltet kome opp på butikken i Furene i Volda, men innandørs har varehussjef Tommy Håvik framleis att mykje av Lefdal-interøret. Han driv ein av tre tidlegare Lefdalbutikkar som er eigd av Hareid Group-selskapet HG Handel.
Nytt

Hareid Group vil satse meir på handel

Hareid Group meir enn dobla satsinga på forbrukarelektronikk i fjor. Vil vekse meir.

18.01.2018
Etter å ha kjøpt Elkjøp- og Lefdal-butikkane i Ålesund i fjor gjekk Hareid Group-selskapet HG Handel frå fire til seks butikkar på Sunnmøre.
No er alle blitt ein del av Elkjøp-kjeden etter at Lefdal- og Elkjøpkjedene blei slått saman.
For HG Handel betyr samanslåinga at selskapet har fått to Elkjøpbutikkar i Ålesund (Moa og Breivika), to i Ulstein (Saunesmarka og sentrum) og to i Ørsta/Volda (Hovdebygda og Furene). Trass i at det er kort veg mellom butikkane seier dagleg leiar Ingar Teigene at HG Handel ikkje har planar om å slå saman butikkar no.
Ingen arbeideplassar og ingen varehus blir berørt, seier han.

God lønsemd

Elkjøp og Lefdal har lenge hatt same eigar, britiske Dsg International (tidlegare Dixon Group). No er kjedene slått saman til ei og arbeidet med å gjere Lefdal-butikkane om til Elkjøpbutikkar er i full gang.
HG handel kjøpte butikkane i Ålesund frå kjedeselskapa i mars i fjor. Kjøpet gjer at HG Handels førebelse tal for 2017 ser ut til å bli 350 millionar kroner i driftsinntekter, mot 162 millionar kroner i 2016. Resultatet før skatt blei 17 millionar kroner, mot åtte millionar kroner i 2016.
- I all beskjedenheit så er det - innanfor det segmentet vi held på - på eit høgt nivå, seier Teigene om lønsemda.

Vil vekse meir

Lønsemda i HG Handel gjer at Hareid Group har ambisjonar om ytterlegare vekst.
Det kan skje både i tilstøytande geografiske område, men også lenger vekke. Tidspunktet for eventuelt nye oppkjøp vil ikkje Teigene kommentere ut over at selskapet må ha innarbeida drifta av dei to butikkane i Ålesund fullt ut i organisasjonen før det er tid for meir vekst.

Franchise-avtale

Elkjøp-butikkane som ikkje er eigd av kjeda blir drivne som franchisebutikkar. Det betyr at det er kjeda som styrer korleis butikkane skal sjå ut, vareutval og prisar.
Det franchisetakarane, som HG Handel, har kontroll over er mellom anna eigne driftskostnadar, tilsetting og omdømmebygging.
HG Handel har cirka 140 tilsette, fordelt på cirka 90 årsverk.

50-talet

Historia til HG Handel skriv seg tilbake til etableringa av Hareid Elektriske handel på 1950-talet.
I 1990 etablerer selskapet seg i Saunesmarka i Ulsteinvik. I 2009 blei butikken i Furene i Volda opna, som den andre detaljvarehandelen i området som i dag er blitt eit handelsentrum, med mellom andre Felleskjøpet, Coop og Plantasjen som naboar.

Meir netthandel

Akkurat som Slettvoll-sjef Kristine Landmark har Ingar Teigene merka ein klar dreiing over til at folk brukar nettet meir når dei handlar.
- 90 prosent av kundane har førebudd kjøpet i ei eller anna for før dei kjem i butikken, seier Teigene.
Netthandel og marknadsføring på nett gjer at butikkane må konkurrere både med nasjonale og globale konkurrentar, meiner han.

Medan Slettvoll Møbler er i ferd med å tilby handel på nett har Elkjøp det allereie. Netthandelen er organisert slik at også dei fysiske butikkane får glede av den. Når kundar kjøper på nett og hentar i butikk er det butikken som får driftsinntektene. Når kundar kjøper på nett og får levering på døra får butikken nærast kunden ein andel av inntektene.

Publisert: 18.01.2018 10:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17