Har tatt over Inter Caledonia
BRØNNBÅT: Inter Caledonia på jomfrutur etter overlevering frå Besiktas i Tyrkia.
Nytt

Har tatt over Inter Caledonia

Det Hareid-baserte brønnbåtselskapet Intership har kjøpt ut dei tidlegare eigarane av Inter Caledonia.

20.02.2019
Det stadfestar adm. dir. Ole Peter Brandal i Intership.
- Vi valde å innfri ein kjøpsopsjon som vi vart samde om ved kontrahering i 2014.
- Prisen avspeglar ein attraktiv byggjepris, seier Brandal.
Intership eig sjølv 19.8 prosent av det skipseigande selskapet, medan Herøy-brørne Sigurd og Knut Teige samla eig 12,8 prosent. Også Leinefisk-reiarlaget i Herøy er inne på eigarsida.
Størst aksjonær er derimot det Ulsteinvik-baserte finansielle reiarlaget Shipsinvest, med 40,9 prosent av aksjane.

Langtidskontrakt med Mowi

Inter Caledonia er 69,9 meter lang og 17 meter brei. Den Skipsteknisk-designa brønnbåten er bygd ved tyrkiske Besiktas Shipyard, og var starten på satsinga til Intership.
Båten går no på langtidskontrakt med Mowi Scotland og blir benytta til ferskvassbehandling av laks mot AGD og lus.
Båten er blant anna utstyrt med eit RO-anlegg som produserer 5000 kubikkmeter ferskvatn i døgnet.

London-majoritet

Etter overtakinga av Inter Caledonia, opererer Intership totalt åtte brønnbåtar.
I mai i fjor kjøpte det London-baserte private equity-selskapet Alchemy Special Opportunities aksjemajoriteten i Hareid-selskapet.
Dei sunnmørske aksjonærane håva samstundes inn store gevinstar.
Etter det NETT NO kjenner til vart det også ein fin gevinst for dei som no sel seg ut av Inter Caledonia.

Publisert: 20.02.2019 08:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31