Har tatt full kontroll i Fjord1
STORHANDEL: Per Sævik og familien har fått amerikansk medspelar, og tatt full kontroll over Fjord1.
Nytt

Har tatt full kontroll i Fjord1

Per Sævik og familien alliererer seg med amerikansk fond og tar full kontroll i Fjord1.

10.12.2019
Dette er klart etter eit storkjøp av .
Herøy-baserte Havilafjord kjøpte etter børsslutt måndag 15 millionar aksjar i Fjord 1 til 45 kroner aksjen, eit kjøp på samla 675 millionar kroner.
Dette prisar heile Fjord1 til 4,5 milliardar kroner, vel 0,8 milliardar meir enn ved børsslutt måndag.

Vision Ridge Partners

Etter kjøpet kontrollerer Havila 66,5 millionar aksjar i Fjord1, noko som representerer 66,5 prosent av aksjane, og som gir Per Sævik og familien god kontroll over selskapet.
Havila opplyser at selskapet har sikra finansiering av oppkjøpet av eit fond som Vision Ridge Partners står bak.
Samla vil Havila og Vision Ridge Partners eige 70,35 millionar aksjar, og dermed kontrollere 70,35 prosent av Fjord1.

Havila Kystruten

I ei børsmelding vert det opplyst at dei to aktørane vil samarbeide om å utvikle Fjord1 til å verte eit integrert transport- og reiselivsselskap, inkludert å vurdere å leggje Havila Kystruten inn under Fjord1.
Colorado- og New York-baserte Vision Ridge Partners har investert for over ein milliard USD i ulike selskap.
På opplyser selskapet at ein har spesialisert seg på berekraftige investeringar, og har gjort investeringar i blant anna energi, landbruk, transport og eigedom.

Første utanfor USA

Eitt av selskapa fondet har investert i er Vision Fleet, som satsar stort på transport med hybride og elektriske fartøy.
Hittil har Vison Ridge Partners berre hatt investeringar i USA, og Fjord1 er dermed første satsinga utanfor USA.
Selskapet vart etablert i 2008 av tidlegare Baupost Group-sjef Reuben Munger, som framleis er toppsjef i Vision Ridge.

Publisert: 10.12.2019 10:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:47