Har tapt ein milliard paa tre aar
JUBILEUM: I september i fjor var 5000 gjestar samla i dokkhallen til storstilt feiring av at det var 100 år sidan starten på Ulstein-eventyret. 2017 vart likevel eit svakt år for Ulstein Group, men betre enn året før. 
Nytt

Har tapt ein milliard på tre år

Ulstein Group gjekk på ein ny smell i fjor. På tre år har konsernet eit resultat før skatt på minus 1022 millionar kroner. Leiinga ser lysning.

31.05.2018
Samla driftsinntekter i 2017 var på 1100 millionar kroner, opp frå 854 millionar kroner i 2016, som var eit svært svakt år for konsernet.
Resultatet før skatt i 2017 enda på minus 359 millionar kroner, mot minus 529 millionar i 2016.
Dette går fram av årsrapporten til konsernet.

Enorme svingningar

Årsrapporten viser tydeleg også dei store svingningane som er er for større skipsbyggingskonsern. I perioden 2012 til 2014 hadde konsernet eit samla plussresultat før skatt på 738 millionar kroner. Dei tre etterfølgjande åra er dei samla tapa på 1022 millionar kroner.
Største tapa skriv seg frå skipsbyggingsaktiviteten, men det er også bopkført tap i dei andre store forretningsområda, der ein etter årsskiftet har tatt grep og omorganisert forretningsområdet Power & Control.
Produktområdet, med mellom anna satsinga på automasjon og X-Connec, er skilde ut i eit eige selskap, det same gjeld for området Service.

Tap på eigne skip

Ulstein Group eig også 100 prosent av Blue Ship Invest, som har dei to PSV-ane Blue King og Blue Queen, der den første låg i opplag i heile 2017, medan Blue Queen frå hausten av har vore på seks års bareboat-kontrakt.
Forretningsområdet shipping eig også 25 prosent av i selskapet Olympic Explorer III KS, men har seld seg ut av sitt 1,2 prosent eigarskap i Nordic American Offshore.
Forretningsområdet har bokført store tap knytta til nedskriving av eigne skip og eigarandel i andre.

Må lukkast i nye marknader

I årsrapporten vert det slått fast at 2017 var eit krevjande år for Ulstein Group der omstilling og auka konkurransekraft har vore høgt prioritert.
Det vert vist til at konsernet har vore gjennom omfattande omstillings- og effektiviseringstiltak for å auke produktiviteten og redusere kostnadene, samt for å møte framtida med rett kompetanse og kapasitetsnivå.
Men leiinga slår også fast at det avgjerande for framtida er at ein lukkast å omstille seg til nye marknadssegment, noko leiinga meiner at ein no er godt posisjonert for å klare.

Nye kontraktar

Etter bortfall av ordrar innanfor olje og gass, har konsernet satsa mykje på nye marknadssegment som exploration cruise, RoPax og offshore vind.
Satsinga på desse nye områda viser igjen i nye kontraktar inngått i 2017 og i starten av 2018.
Mellom anna har Ulstein Group sikra seg prestisjekontrakten på Color Hybrid - Color Line si nye plug in hybridferje som skal trafikkere strekninga Sandefjord - Strømstad.
I juli i fjor starta stålartbeidet ved Crist-verftet i Polen, og skroget kjem til Ulstein Verft i haust.

National Geographic

Konsernet skal også levere første ekspedisjonscruiseskipet til Lindblad Expeditions, i samarbeid med National Geographic, i første kvartal 2020. Her er det opsjonar på ytterlegare to skip.
Ulstein Verft har også bygt ein 80 meter lang yacht til ein ikkje namngitt kunde. I tillegg har Ulstein Design & Solutions fått designoppdraget for Sunstone Ships på eit første ekspedisjonscruiseskip, som skal byggjast ved China Merchant Group. Her er det opsjonar på ytterlegare ni skip, og det er også med utstyrspakkar i kontrakten.
Ulstein Group hadde ved årsskiftet totalt 562 tilsette, inkludert tilsette i dotterselskap i seks land.

Publisert: 31.05.2018 09:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22