Har starta rekruttering til oppdrettssatsing
TRENG FOLK: Som konstituert direktør i Salmon Evolution, er Håkon André Berg i gong med å bygge opp organisasjonen til oppdrettssatsinga. 
Nytt

Har starta rekruttering til oppdrettssatsing

Totalt vil det kome opp mot 100 nye arbeidsplassar i samband med det landbaserte oppdrettsanlegget til Salmon Evolution. 

Marius Rosbach
25.05.2020
Førre veke blei detfor eit av Europas største landbaserte anlegg for lakseoppdrett i Hustadvika kommune. Ein rekke investorar frå Romsdal og Sunnmøre står bak satsinga, som no er i gong med å bygge opp organisasjonen som skal drifte det heile.
– Vi er i ein rekrutteringsprosess akkurat no på økonomi og prosjektleiarar, fortel finansdirektør Håkon André Berg til NETT NO.

Neste steg er å rekruttere folk til sjølve driftsorganisasjonen for anlegget som skal stå klart mot slutten av neste år.
– Når fisken kjem, må dei som skal jobbe med drifta, kjenne anlegget frå dag éin, så den prosessen skal vi snart i gong med, fortel han.
I første omgang er det behov for 16-17 personar det neste året og kring dobbelt så mange når første byggetrinn er teke i bruk. I alt er det snakk om mellom 70 og 100 arbeidsplassar når alle tre byggetrinna, inkludert settefiskanlegg, er teke i bruk.

Tennfjord-selskap i gong

Entreprenørselskapet Aco Anlegg frå Tennfjorden er no i gong på tomta der oppdrettsanlegget skal vekse fram – tvers over for gassanlegget på Nyhamna.
Første oppgåve var å fjerne dynamittladningar frå steinbrotet som var her tidlegare. Så skal grunnen gjerast klar for betongarbeid.
– Etter kvart vil vi starte å sette opp bygningar og sjølve kara, der fisken skal vere. Det vil skje til vinteren, seier Berg.

Tok nyleg over som administrerande direktør

Berg blei nyleg konstituert som administrerande direktør, etter at Odd Tore Finnøy slutta i jobben etter ti månader. Berg gir uttrykk for at det ikkje er viktig for han kva tittel han har framover.
– Eg synes det er superspennande å vere med på dette, og er nøgd med å vere ein del av det teamet som skal leie selskapet, fortel han.
Fleire personar skal inn i leiinga, og Berg seier dei får sjå an kven det blir, og korleis dei passar saman med folka som allereie er på plass.

Gründer er imponert

Førebels har selskapet kontor i Molde, men vil flytte til Elnesvågen på sikt. Ein av gründerane Kristofer Reiten, er imponert over responsen frå folk som ville vere med å jobbe for dei.
– Vi har flinke folk som kjem frå trygge arbeidsplassar i gode selskap, som søker seg inn i dette prosjektet med Salmon Evolution. Det er pinade nokre tøffingar og det står respekt av eit slikt val, sa Reiten i samband med markering førre veke.
Gründeren viste også til at kommunen har vore positive frå første stund då dei kom med ideen om å bruke tomta der det tidlegare var eit steinbrot, til oppdrett på land.

Les også:


Artec Aqua-sjefen om Salmon Evolution-jobben:


Vi har flinke folk som kjem frå trygge arbeidsplassar i gode selskap, som søker seg inn i dette prosjektet

Publisert: 25.05.2020 15:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57