Har snudd om drifta etter kriseaar
STARTA I VINTER: Ina Eldøy er tilbake på Sunnnmmøre, som hotelldirektør på Stranda, ein jobb ho starta opp i vinter. 
Nytt

Har snudd om drifta etter kriseår

Stranda Hotell har positiv utvikling i lønnsemda - trass i koronasvikt i inntektene.

Marius Rosbach
30.09.2020
Den nye direktøren på Stranda Hotell, Ina Eldøy, er strålande nøgd over at overnattingsverksemda har klart å gjennomføre en real snuoperasjon i løpet av året, trass i koronautfordringar.
Fjoråret enda med rekordhøg omsetning – men også nytt minusresultat (sjå tabell til høgre – under om du les på mobil).
– Det vart på eit vis både det beste og dårlegaste året til hotellet, seier Eldøy til NETT NO.
frå 2019 er tydeleg tale; eigenkapitalen var tapt og bikka over på minus 3,7 millionar. Eigarane gjekk difor inn frisk kapital og satsa videre med forutsetning om endring i driftsforma. Det er investert kring 22 millionar så langt, og arbeidet med å oppgradere hotellet held fram.

– Vi må tørre å ta betalt

Sidan Eldøy tok over i vinter, har hotellet lagt om drifta og har om lag halvert timetalet dei har nytta i sommar.
– Samtidig har vi hatt mykje å gjere og vore godt bemanna til å ta oss av gjestane våre. Vi har hatt fokus på overnatting med god frukost, god service og godt reinhald. Tilbakemeldingane har aldri vore betre frå dei besøkande, seier Eldøy.
Etter omlegginga sitt hotellet no att med langt betre inntening per rom.
– Vi må tørre å ta betalt kva det kostar å drive. Det er ei utfordring som gjeld i store delar av reiselivs-Norge, meiner hotelldirektøren.
Ho fortel at trass i at dei har lagt seg på eit høgare prisnivå, har tilbakemeldingane frå gjestane om «verdi for pengane», også betra seg.

Mykje å gjere med Tom Cruise-film

Inntektene i år har gått ned grunna koronapandemien, men hotellet har vore mellom bedriftene som har nytt godt av den mykje omtala innspelinga av den neste Mission Impossible-filmen.
– Det har vore fullt hus både i august og september med utgangspunkt i den innspelinga. Samtidig er heile regionen blitt løfta fram for svært anerkjende filmarbeidarar, påpeiker Eldøy.
Ho har også hatt besøk av 71 Grader Nord - Norges tøffaste kjendis-innspelinga i sommar. Ho er spent på korleis marknadsføringseffekten vil slå ut for regionen. Sendingane startar i januar og dei første tre-fire episodane er frå Stranda.

– Hausten ser førebels veldig stille ut

Hotelldirektøren er også svært spent på korleis hausten blir.
– Usikkerheita er større en nokon gong, med auke i smittetilfellar og nye restriksjonar. Hausten ser førebels veldig stille ut. Håpet er at nordmenn vil reise Norge rundt i haustferien - at bedrifter og privatpersonar framleis har behov for å møtast utover hausten og vinteren. Tryggleik vil vere nøkkelen, trur Eldøy.
For møte utfordringane har dei laga eit konsept der det er mogleg å leige heile hotellet. Det krever ei viss omsetning og omfang på arrangementet, men Eldøy trur det likevel ligg godt innafor budsjettrammene for dei fleste.
– Vi har no god trening i smittevern og kan by på trygge rammer for alt frå strategisamlingar, til julebord og 50-årslag, seier ho.
Les også:

 Vi må tørre å ta betalt kva det kostar å drive. Det er ei utfordring som gjeld i store delar av reiselivs-Norge

Publisert: 30.09.2020 10:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03