Har sett opp automatiserings tempoet
MANGE KUNDAR: Gjendemsjø Seafood lagar kabaret og andre sjømatrettar under fleire varemerke og investerer rundt tre millionar kroner i året på å automatisere produksjonen meir og meir. 
Nytt

Har sett opp automatiserings-tempoet

Gjendemsjø Seafood har investert minst 15 millionar kroner i automatisering og robotisering dei siste fem åra. 

16.05.2017
Dei siste fem åra er investeringstakten skrudd opp og årleg blir det investert rundt tre millionar kroner for å effektivisere produksjonen. Utan desse investeringane ville utfallet vore gitt, seier medeigar og dagleg leiar Leidulv Longva.

- Då hadde vi vore nedlagt.
Automatisering er avgjerande for å kunne konkurrere mot utlandet.
- Skal du drive og produsere i Noreg må du ha automatisert produksjon, seier Gjendemsjø.
Selskapet har to produksjonsanlegg, ved Brattvåg og på Fjørtofta.

Produserer for alle

Rundt 60 prosent av driftsinntektene for fiskematprodusenten i Haram kjem frå sal av varer med andre sitt varemerke. Det betyr mellom anna at selskapet lagar fiskematprodukt som butikkane sel under eige varemerke.
Den strategien vil Longva halde på.
- Vi produserer til den som vil ha. Vi har veldig kostnadseffektiv produksjon, seier Longva.

Produksjon- og produktutvikling

Sjølv om bedrifta kjøper produksjonsutstyr er den sjølv djupt involvert i å utvikle og tilpasse utstyret for produksjonen. Det er ikkje snakk om nøkkelferdig utstyr seier Longva.
Og trass i ein stor produksjon under andre varemerke kan selskapet heller ikkje lene seg tilbake og vente på at bestillingane kjem av seg sjøl. Også dei kundane som stiller med varemerket sjølv vil ha nyskaping.
- Vi satsar sterkt på produktutvikling, seier Longva.



Vi produserer til den som vil ha

Publisert: 16.05.2017 15:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:09