Har seld New World Supply-skipa
ÅLESUND: World Diamond og World Pearl i opplag i Ålesund. No er skipa selde. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Har seld New World Supply-skipa

Har seld World Diamond, World Peridot, World Pearl og World Opal etter fleire år i opplag.

13.04.2019
Spetalen-kontrollerte Standard Drilling melder i fredag kveld at New World Supply (NWS) har seld PSV-ane World Pearl, World Peridot, World Diamond og World Opal.
Standard Drilling har eigd 34,4 prosent av New World Supply, som overtok skipa etter at Ulstein-baserte World Wide Supply fekk økonomiske problem.

'Velkjend og anerkjend'

To av dei Romania-bygde skipa har lege i opplag i Ålesund, to ved Herøyterminalen i Torvika.
Standard Drilling opplyser at transaksjonen alt har funne stad, og er gjort med ein 'velkjent og anerkjend' motpart.

Fornøgd med prisen

Ifølgje meldinga er transaksjonen gjort på eit nivå som gjenspeglar høgare skipsverdiar samanlikna med Standard Drilling sine bokførde verdiar, og er betydeleg høgere enn Standard Drillings kostpris for NWS-aksjane.
Standard Drilling har tidlegare opplyst at investeringa i NWS har vore finansiell, men at salet til ein klart høgare pris enn kjøpsprisen, er på linje med strategien for selskapet.
Selskapet opplyser også at dei siste fire skipa er selde til ein høgre pris enn to andre søsterskip som vart selde i oktober 2018.

Herøy-management

Etter salet har Standard Drilling 100 prosent eigarskap i fem store PSV-ar. I tillegg er ein inne på eigarsida i ni mellomstore PSV-ar.
Herøy-selskapet Remøy Management har hatt managementet på skipa.
Dagleg leiar Even T. Remøy i Remøy Management seier til NETT NO at selskapet vil halde fram med managementet også for ny eigar.

Publisert: 13.04.2019 07:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:34