Har seld 70 reinsesystem for ballastvatn
REINSING: MMC Green Techology har seld over 70 av sine eigenutvikla reinsesystem for ballastvatn. Selskapet konsentererer seg no meir om andre marknader enn offshore.
Nytt

Har seld 70 reinsesystem for ballastvatn

Marknaden er stor og konkurransen er hard, men MMC Green Technology i Fosnavåg kan alt vise til salssuksess for sine reinsesystem av ballastvatn.

28.05.2015
Selskapet har no seld over 70 reinsesystem for ballastvatn, MMC BMWS, sidan dei starta salet for to år sidan. 40 system er alt installerte på båtar over heile verda.
- Med 40 system leverte, byrjar kundane å få erfaring med produktet.
- Utfrå tilbakemeldingane frå kundane, virkar dei fornøgde så langt, seier sals- og marknadsdirektør Børge Gjelseth i Herøy-selskapet i ei pressemelding.

Nær internasjonalt påbod

Saman med mange konkurrentar jaktar MMC Green Technology ein gigantmarknad den dagen det vert påbode å reinse ballastvatn for skip.
Det har lenge vore forventa at ein internasjonalt IMO-konvensjon om reinsing av ballastvatn skal ratifiserast (Ballast Water Treatment System). Då må rundt 60.000 skip installere reinsesystem, i tillegg til alle nye skip over ein viss størrelse.
Målet med konvensjonen er å forhindre at marine organismar spreier seg og gjer skade rundt om i verda via ballastvatnet i båtar.
Før konvensjonen kan tre i kraft, må den ratifiserast av minst 30 nasjonar, og 35 prosent av verdas fartøyflåte. No manglar berre eit par prosent.

Kompakt system

Sjølv meiner Gjelseth at MMC Green Technology er godt posisjonert for å ta ein betydeleg del av marknaden.
- Vi meiner vi har det mest kompakte og brukarvenlege systemet for ballastvatnreinsing for små og mellomstore skip.
Han viser til gode tilbakemeldingar.
- Kundane seier at våre system er enkle å forstå og å bruke, seier Gjelseth, som føler seg trygg på at det skal verte meir sal framover.

Ti nye ordrar

Nyleg signerte MMC Green Technology ti ordrar for levering av sitt reinsesystem for ballastvatn, blant anna til to Ulstein-bygde forsyningsskip for vindmøller til Bernhard Schulte, to laste/kontainer-fartøy til Royal Atlantic Lines (vert bygde av polske Remontowa Shipbuilding) og tre brønnbåtar bygde av Aas Mekaniske. To av brønnbåtane skal til Sølvtrans, den siste til Bømlo Brønnbåtservice.
I tillegg har selskapet inngått kontrakt med leveranse til ei ny passasjer- og bilferje for Tallink, ei ferje som vert bygt av finske Meyer Turku. MMC-systemet skal også om bord i ein hotell- og arbeidslekter som vert bygt for Dalby Offshore ved eit verft i Polen, og på ein brønnbåt som vert bygt ved Larsnes Mek. Verksted i Sande.
Gjelseth opplyser at passasjer- og bilferja som skal byggast av Meyer Turku til Tallink skal ha plass til 2.800 passasjerar.

Framleis mest offshore

Trass i dei nye ordrane, kjem framleis ein betydeleg andel av MMC Green Technology sin ordrereserve frå offshorefartøy.
- Imidlertid er denne marknaden ganske treg for tida, og det er få nye offshorebåtar som blir kontraherte.
- Dei nye kontraktane stadfestar at det er strategisk rett av oss å også satse på fleire marknadssegment, sier Gjelseth.

Vil vekse

MMS Green Techology har posisjonert seg for vekst ettersom det no manglar berre rundt to prosent før IMO-kravet til ratifisering er nådd.
- Vi har klargjort eit breidt sals- og servicenettverk for å utnytte mulegheitene dette fører med seg, seier Børge Gjelseth.
Selskapet har i dag fem tilsette og omsette i 2014 for 22 millionar kroner.
 Kundane seier at våre system er enkle å forstå og å bruke

Publisert: 28.05.2015 10:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44