Har satsa 35 millionar paa supersjarken
OPPSIKTSVEKKANDE: Eit oppsiktsvekkande design skal lokke unge inn i fiskaryrket, men Gunnar Carlsons nye fiskebåt skal også gjer fisket og meir lønsamt.
Nytt

Har satsa 35 millionar på supersjarken

Gunnar Carlson nye sjark skal byggast i karbon. Har kosta 35 millionar kroner å utvikle.

16.06.2016
Målet er å få prototypen på vatnet neste år.
Fiskebåten er konstruert med eit katamaranliknande skrog og eit overbygg som bryt med alle oppfatningar om korleis ein sjark skal sjå ut. Det uvanlege designet er eit poeng i seg sjølv, og skal bidra til å rekruttere unge til å bli sjarkfiskarar. Det seier Gunnar Carlson, som presenterte sjarken på Fosnavågkonferansen i dag.

Byggjer i karbon

Utviklingskostnadane er 35 millionar kroner, og for å få att dei pengane må båten også vere lønsam.
Båten skal mellom anna byggast i karbon, for å spare vekt og dermed drivstoffkostnadar.
Ekstrakostnaden ved å velge karbon i staden for metall er berre 750.000 kroner, sa Carlson på Fosnavågkonferansen i dag. Båten skal blant anna utstyrast med lysbåtmotorar som kan byttast ut annankvart år. Fisken skal lossast utan kran på båten, og alt arbeid ombord skjer innandørs.

Partnarane finansierer

Partnarane i prosjektet, Skipskompetanse i Måløy, Best Fishing Gear, Ulvesund Elektro og Sevi i Herøy, spelar og ei sentral rolle i finansieringa.
Dei gjer sin del av arbeidet i bytte mot å få ein andel av salssummen for kvar sjark som vert seld.

Publisert: 16.06.2016 16:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58