Har sakna merksemd om verdiskaping i valkampen
– STARTAR LOKALT: – Alt startar lokalt, seier NHO-direktør Torill Ytreberg i Møre og Romsdal og trekk fram tilgang på næringstomter, rask saksbehandling og god innkjøpskompetanse, som viktig for næringslivet.
Nytt

Har sakna merksemd om verdiskaping i valkampen

– Eg er skuffa over at det har vore lite snakk om korleis ein kan legge til rette for bedriftene, seier NHO-direktøren i Møre og Romsdal.

Marius Rosbach
07.09.2019
Lokalpolitikarar har dei siste vekene reist land og strand rundt på Nordvestlandet, med godt følgje av både statsminister, statsrådar og andre sentrale politikarar frå ulike parti. Måndag går veljarane til stemmelokala.
NETT NO spurde korleis NHO-direktør Torill Ytreberg i Møre og Romsdal har opplevd valkampen.
– Eg er skuffa over at det har vore lite snakk om korleis ein kan legge til rette for bedriftene. Alle veit at med dårleg økonomi i fylkeskommunen og mange kommunar som heller ikkje har overflod med pengar, så blir det snakk om beinhard prioritering. Då er ofte nøkkelen å skape nye arbeidsplassar, svarar Ytreberg.
Ho skulle gjerne høyrt færre gode ønskjer og «meir om korleis inntektene skal skapast og fordelast».
– Nøkkelen for å få økte skatteinntekter, er å legge til rette for å skape nye arbeidsplassar i privat sektor, meiner ho.

Meir om valet:



Saksbehandlingstid og eigedomsskatt

Ytreberg påpeiker at mykje av det som er viktig for lokale bedrifter, skjer på lokalplanet – som rask saksbehandlingstid og god tilgang på næringstomter.

I ei var saksbehandlingstid det flest bedrifter ønska seg betring på i eigen kommune.
– Valkampen har handla for lite om det som er nært oss. Ting som forenkling av søknader er eit anna døme, seier ho.
Ålesund er mellom fleire kommunar i regionen som har eigedomsskatt på næring, noko NHO gjerne vil til livs.
– Vi bør få fjerna eigedomsskatt på næring. Det er konkurransevridande om du har ei bedrift i ei kommune med skatt på næring, medan den i nabokommunen ikkje har det, seier ho.

Les også:



– Må ha spleiselag

Slike ting ville Ytreberg heller diskutert enn «bompengar og den evige akseproblematikken».
NHO-direktørens standpunkt til fordel for Møreaksen i diskusjonen om en framtidig E39 over Romsdalsfjorden er godt kjent.
Å betre tilhøva for transport er eit sjølvsagt ønskje: – Vi har eit veldig eksportretta næringsliv. Varene skal ut og inn av fylke, og det er behov for større bu- og arbeidsmarknadsregioner.
– Vi kan godt diskutere storleiken på summane ved bomstasjonane, men det er heilt klart at vi må ha eit spleiselag om vi skal få til betre infrastrukturløysingar i åra som kjem, seier ho.
Nokre debattar lokalt har dreia seg om kommunar som vil rette seg sør- eller nordover. Det likar Ytreberg dårleg.
– Møre og Romsdal skal vere ein eige region, slår ho fast og vil ha meir diskusjon om samarbeid og «korleis ein skal skru regionen saman».

Les også:



Har utfordra toppkandidatar

NHO i Møre og Romsdal har utfordra toppkandidatar i alle dei 35 kommunane - og fylkespolitikarane, til å signere eit «ordførarløfte» med seks punkter om korleis dei skal jobbe på lag med næringslivet. Til no har kring 15 svart, men Ytreberg legg ikkje så stor vekt på kor mange det er.
– Men løftet har ein del utfordringar vi vil følgje opp, lovar NHO-direktøren.
Politikarane som har signert lovar mellom anna å samarbeide med bedrifter for å tilby gode tenester, bruke innkjøpsmakta til å motarbeide arbeidslivskriminalitet og sette høge klimamål for offentlege innkjøp.
– Mange bedrifter vil tilby tenester til det offentlege og vi er avhengige av eit godt samarbeid for å løyse utfordingane framover, spesielt innafor velferdssektoren, seier Ytreberg.

Les også:




Det er konkurransevridande om du har ei bedrift i ei kommune med skatt på næring, medan den i nabokommunen ikkje har de

Publisert: 07.09.2019 05:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:39