Har planar om fleire anlegg paa land
BYGGESTART: Tysdag var styreleiar Tore A. Tønseth i Salmon Evolution med å markere byggestart for anlegget i Hustadvika kommune saman med partnarar og investorar. 
Nytt

Har planar om fleire anlegg på land

Med regionale investorar bygger Salmon Evolution eit av Europas største oppdrettsanlegg på land. No vurderer dei fleire konkrete prosjekt.

Marius Rosbach
20.05.2020
Tysdag var ein milepåle for Salmon Evolution si satsing på eit landbasert anlegg for oppdrett av laks med .
Men styreleiar Tore A. Tønseth fortel at dei ikkje vil nøye seg med dette eine anlegget på Indre Harøy.
– Dette er berre første byggetrinn på første anlegg. Vi ser på fleire konkrete anlegg både i Norge og i utlandet, seier Tønseth til NETT NO – men vil ikkje no fortelje kvar.

Les også:


Ålesundaren har arbeidd 15 år som analytikar for Sparebank1 Markets og Pareto Securities, men er også investeringsdirektør i brønnbåtreiar Roger Halsebakk sitt investeringsselskap Ronja Capital. Roger Halsebakk var ein av dei nye investorane som gjekk inn i Salmon Evolution i mars.
– Som investor vurderte vi fleire andre landbaserte prosjekt, men sa nei til alle fordi vi meiner at dette prosjektet har ein teknologi og eit system som vi trur vil vere leiande i åra framover, seier han.

Vurderer fleire konkrete prosjekt

Tønseth vil vere ein svært aktiv styreleiar i oppdrettssatsinga den komande tida.

– Eg skal styre dei strategiske prosessane med å hente inn kapital, men vi ser også på andre konkrete prosjekt der vi kan bruke den teknologibasen vi utviklar her, fortel Tønseth.
Han ser difor ikkje vekk frå at neste steg vil vere å starte byggetrinn éin ved eit nytt anlegg – før dei går vidare på Indre Harøy.
– Det er relativt mange områder i Norge der ein kan lage tilsvarande anlegg – men også i utlandet. Ein må i første rekke ha tilgang til ei tilnærma lik temperatur i vatnet som vi har her, men det treng ikkje vere på overflata. Det kan også hentast djupare ned, forklarar Tønseth.

Meir kapital må inn

Tønseth i Salmon Evolution fortel at dei har pengane dei treng for inneverande år, men at dei vil søke ny kapital i marknaden i løpet av andre halvår.

– Dette er eit prosjekt som vil krevje kontinuerleg kapitalinnhenting dei neste åra, påpeiker han.
Første byggetrinn er rekna å koste kring 1,3 milliardar – og i i eigenkapital. Tønseth fortel at kring éin milliard må hentast inn for å fullføre det første av tre steg i utbygginga.
Planen er at første utbyggingstrinn – med ein kapasitet på 9000 tonn laks årleg – skal stå klart mot slutten av neste år. Fullt utbygd skal kapasiteten bli på 36.000 tonn og ei ferdig utbygging er rekna å koste meir enn tre milliardar.

Anlegg med mindre risiko

Tønseth meiner at metoden Salmon Evolution vil nytte på Indre Harøy er overlegen, mellom anna på grunn av korleis dei brukar sjøvatnet.
– Dei fleste har satsa på det som bli kalla RAS-anlegg (recirculating aquaculture systems, journ. anm.), der ein resirkulerer vatnet. Det gjer at ein nyttar lite vatn, men problemet er at ein oppnår ein betydeleg kompleksitet som gjer drifta usikker, seier Tønseth.
Anlegget på den vesle øya i Hustadvika kommune ligg heilt i sjøkanten, men det å pumpe vatn kontinuerleg, er heller inga løysing, fordi det krev for mykje energi.
– Systemet her er ei hybridløysing, der det kjem friskt vatn heile tida, men vi brukar opp att kring 70 prosent av vatnet. Det gjer at anlegget er billigare å bygge og drifte - samtidig som ein har betydeleg lågare risiko, fortel han.

Kan bli fleire Artec Aqua-oppdrag

Styreleiaren understrekar at samarbeidet med Artec Aqua er «superviktig» og at dei saman skal satse vidare på fleire anlegg. Ålesundsselskapet er totalleverandør til anlegget – og er – på første byggetrinn.

Salmon Evolution vil ha eineretten til å bruke teknologien og systema deira. Om det blir realiserte fleire anlegg, vil det gi fleire oppdrag for Arteq Aqua.
– Dei er i dag det leiande selskapet i verda på dette området i dag, og det er ingen som har den erfaringa dei har, seier Tønseth.
Styreleiaren påpeiker at mykje også dreiar seg om å ha ein truverdig samansetning av partnarar for heile satsinga.

Artec Aqua-sjefen om Salmon Evolution-jobben:


– Langt lågare dødelegheit

Det finst allereie tilsvarande anlegg andre stader på stamfisk, som Artec Aqua har levert, og Tønseth er imponert over resultata.
Høg dødelegheit har vore ei av dei store utfordringane dei seinare åra. Oppdrett i sjø på Nordvestlandet er per i dag definert som raud sone – det vil seie at det ikkje er rom for vekst, før situasjonen er betra.
– Her snakkar vi om ei dødelegheit på ein tidel av det som er ved konvensjonell drift i sjøen. Rett nok krev det meir energi, men vi har generasjonar med fisk der det knapt er dødelegheit, påpeiker han.

Har kurs for børsnotering

Investorane i Salmon Evolution kjem i hovudsak frå den regionale lakseindustrien (sjå oversikt under).
– I sum trur vi at dette er ei god samansetning. Vi får mange førespurnader frå Norge, men også frå utlandet, som gjeld prosjekt der vi kan bygge tilsvarande anlegg som her, seier han.
Tønseth fortel at ei børsnotering er eit naturleg steg, og ser føre seg at det vil skje i løpet av første byggetrinn.
– Om alt går etter planen, tek det 18 månader å bygge, også skal det takast i bruk, legg han til.

Les også:



Aksjonæroversikt Salmon Evolution


Aksjonær

Eierandel

Ronja Capital AS19,6 %
Romsdalsfisk AS18,8 %
Farvatn Private Equity AS14,0 %
Rofisk AS12,6 %
Artec Holding AS7,3 %
Kjølås Stansekniver AS7,0 %
Stette Invest AS7,0 %
Jakob Hatteland Holding AS5,6 %
Terra Mare AS2,2 %
Salmoserve AS1,7 %
Ocean Supreme AS1,4 %
Småge Eiendom AS1,4 %
Flataker Eiendom AS0,7 %
AKSA Holding AS0,1 %
Ansatte0,7 %

Sum

100,0 %


Vi får mange førespurnader frå Norge, men også frå utlandet, som gjeld prosjekt der vi kan bygge tilsvarande anlegg som her

Publisert: 20.05.2020 11:34

Sist oppdatert: 26.02.2021 13:11