Har overtatt storverkstad
LARSNES: Karl Herman Nystøyl og faren Knut Nystøyl har kjøpt 90 prosent av Larsnes Last og Buss.
Nytt

Har overtatt storverkstad

Saman med faren Knut, har Karl Herman Nystøyl kjøpt 90 prosent av aksjane i Larsnes Last og Buss.

22.11.2019
Dei resterande 10 prosenta er eigd av styreleiar Arne Sandnes.
Dette skriv
Seljarar er Wist Last og Buss (51 prosent) og det Vy Buss-kontrollerte selskapet Team Verksted AS (49 prosent).

Lokalpatriotisme

Dagleg leiar Karl Herman Nystøyl seier til avisa er det ligg eit moment av lokalpatriotisme i overtakinga.
- Det opnar seg samstundes nye moglegheiter for bruke ressursar til å utvikle bedrifta vidare, seier han.
Nystøyl opplyser at selskapet held fram som Wist-partnar, og vert gjennom denne avtalen framleis Volvo sin representant på storbil i regionen.

Påbygg

Dei seinare åra har Larsnes Last og Buss utvida aktiviteten innan påbygg på storbilar. Det dreier seg om kranpåbygg, tipp-påbygg og kroklyft. Selskapet er også eineforhandlar av Zorzi-trailerarar.
I tillegg satsar ein på personbilmarknaden.

Selskapet held til i dei tidlegare lokala til Sørøybuss på Larsnes. Her har ein totalt 900 kvadrameter med verkstedplass, og har nyleg bygt ny kantine.
I 2108 omsette selskapet for 29,1 millionar kroner, og hadde eit resultat før skatt på 1,7 millionar.

Publisert: 22.11.2019 14:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:45