Har ordrereserve paa 900 millionar
REKORD: Jarle Gunnarstein og Larsnes Mek Verksted har rekordstor ordrebok, her med den irske trålaren Pacelli bak.
Nytt

Har ordrereserve på 900 millionar

Aldri før har ordreserven til Larsnes Mek. Verkstad vore større, og no vert verftet oppringt av folk som vil ha jobb.

30.07.2015
- Ja, vi får ei rekkje førespurnader. Hittil er det mest utanlandske verftsarbeidarar som spør etter jobb, seier verftsdirektør Jarle Gunnarstein.
Sande-verftet har i dag 47 tilsette, og vurderer å utvide staben.
- Vi får sjå, seier Gunnarstein. Vi har i alle fall godt med arbeid fram til sommaren 2017.
- Det er lenge sidan vi har kunna jobba med så lange tidshorisontar.
I desember 2014 kjøpte brønnbåtselskapet Rostein 68,75 % av aksjane i verftet. Rostein vert også den store kunden framover, men Gunnarstein seier at oppkjøpet har ikkje ført til redusert interesse frå andre.
- Nei, vi har hatt stor pågang etter oppdrag frå andre.

Tre Rostein-båtar

Rostein har alt tinga tre brønnbåtar ved Sande-verftet. Den første er under bygging ved Marine Projects i Gdansk i Polen, og skroget kjem til Larsnes rundt 10. oktober.
- Denne skal vere ferdig utrusta i starten av april 2016.
Etter at Rostein hanka inn langsiktige fraktavtalar med Marine Harvest, har Rostein – begge på 3500 kubikkmeter.
- Dette gjer at vi får tre nybygg å utruste med seks månader mellomrom. Det passar oss perfekt, seier Gunnarstein.
Ved verftet held ein no på å forlenge den irske pelagiske trålaren Pacelli med 10,8 meter.

Rett strategisk val

Gunnarstein seier seg glad for at ein i 2008 tok eit strategisk val å ikkje satse innanfor olje og offshore.
- Vi fokuserer på fiske- og brønnbåtar. Akkurat no ser det ut til å ha vore ei rett satsing.
Verftet har gjort fleire oppgraderingar siste åra, og meir er på gang etter at ein har fått ein del miljøkrav frå Fylkesmannen.
- Vi gjennomfører no tiltak for fem millionar kroner for å imøtekome desse miljøkrava, seier Gunnarstein.
Det er lenge sidan vi har kunna jobba med så lange tidshorisontar

Publisert: 30.07.2015 06:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:45