Nytt
Har liste over problemskip
Det første skipet er tatt etter at dei nye miljøreglane i verdsarvfjordane tredde i kraft. Sjøfartsdirektoratet har allereie peika seg ut cruiseskipa dei vil prioritere å sjekke.
16.05.2019
NPK-Bjørn Ivar Voll:Det greske reiarlaget Global Cruise Lines Ltd har fått varsel om 700.000 i gebyr fordi det braut miljøregelverket i verdsarvfjordane på Vestlandet. Skipet MS Magellan segla inn i to verdsarvfjordar i påsken med for mykje svovel i drivstoffet.
Sjøfartsdirektoratet varslar at dei i år kjem til å følgja spesielt nøye med på cruiseskip i verdsarvfjordane. Det er regionkontora i Ålesund og Bergen som får ansvaret for å utføra kontrollane. Direktoratet har på førehand plukka seg ut nokre skip det vil kontrollera.
– Me har gått gjennom anløpslistene, tidlegare saker og bekymringsmeldingar. Då sit me igjen med ei liste over skip me vil prioritera, fortel Bjørn Pedersen, avdelingsdirektør for regelverk og internasjonalt arbeid, til Nynorsk pressekontor.
Sjølv om reiarlaga seglar med nye og moderne skip, er det framleis mange eldre skip som besøkjer verdsarvfjordane.
Inspektørane til Sjøfartsdirektoratet går om bord i skipa og sjekkar loggane for fart og fylling av drivstoff. Dei måler også drivstoffet med eigne handhaldne apparat. Desse gir ein umiddelbar indikasjon på om fartøyet følgjer krava eller ikkje. Viss inspektørane får positive utslag, blir det tatt prøver av drivstoffet som blir analysert på eit laboratorium.
Direktoratet har også kjøpt sensorar som kan koplast til ei drone for å fanga opp svovelhaldig eksos.
Det var hamnesjef Jostein Lange Bergset i Aurland som melde frå om Magellan. Han meinte det kom for mykje røyk ut av skorsteinane på det greske cruiseskipet då det låg til kai i Flåm.
– Me melder frå om alle uønskte hendingar, i dette tilfellet var det uønskt mykje røyk, seier Bergset til Nynorsk pressekontor.
MS Magellan var det første cruiseskipet i Flåm denne sesongen. Det er bygd i 1983/1985, er registrert i Bahamas og har plass til nær 1.900 passasjerar.
– Dette skipet var på toppen av lista vår, og me hadde planlagt ein inspeksjon litt seinare. På grunn av bekymringsmeldinga, gjorde me det tidlegare enn planlagt, seier Bjørn Pedersen i Sjøfartsdirektoratet.
– Det blir ikkje så mykje meir arbeid på oss, me er no til stades uansett, men det blir no ein del meir på Sjøfartsdirektoratet, seier han.
Pedersen stadfestar at det blir ekstra arbeid, men seier miljøkrava i verdsarvfjordane er noko Sjøfartsdirektoratet skal prioritera i år.
Dei nye miljøkrava tredde i kraft 1. mars og gjeld for skip som seglar i Vestnorsk fjordlandskap. Det vil seia Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden og Tafjorden, Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden.
Den nye forskrifta krev at svovelinnhaldet i drivstoffet maksimalt skal vera på 0,10 vektprosent. Sjøfartsdirektoratet målte svovelinnhaldet i drivstoffet på Magellan og fekk utslag på 0,17 prosent.
Sjøfartsdirektoratet varslar at dei i år kjem til å følgja spesielt nøye med på cruiseskip i verdsarvfjordane. Det er regionkontora i Ålesund og Bergen som får ansvaret for å utføra kontrollane. Direktoratet har på førehand plukka seg ut nokre skip det vil kontrollera.
– Me har gått gjennom anløpslistene, tidlegare saker og bekymringsmeldingar. Då sit me igjen med ei liste over skip me vil prioritera, fortel Bjørn Pedersen, avdelingsdirektør for regelverk og internasjonalt arbeid, til Nynorsk pressekontor.
Sjølv om reiarlaga seglar med nye og moderne skip, er det framleis mange eldre skip som besøkjer verdsarvfjordane.
Inspektørane til Sjøfartsdirektoratet går om bord i skipa og sjekkar loggane for fart og fylling av drivstoff. Dei måler også drivstoffet med eigne handhaldne apparat. Desse gir ein umiddelbar indikasjon på om fartøyet følgjer krava eller ikkje. Viss inspektørane får positive utslag, blir det tatt prøver av drivstoffet som blir analysert på eit laboratorium.
Direktoratet har også kjøpt sensorar som kan koplast til ei drone for å fanga opp svovelhaldig eksos.
Hamnesjefen varsla
Etter at dei nye miljøreglane tredde i kraft, har direktoratet har fått fleire bekymringsmeldingar frå både hamner og private som sender bilde.Det var hamnesjef Jostein Lange Bergset i Aurland som melde frå om Magellan. Han meinte det kom for mykje røyk ut av skorsteinane på det greske cruiseskipet då det låg til kai i Flåm.
– Me melder frå om alle uønskte hendingar, i dette tilfellet var det uønskt mykje røyk, seier Bergset til Nynorsk pressekontor.
MS Magellan var det første cruiseskipet i Flåm denne sesongen. Det er bygd i 1983/1985, er registrert i Bahamas og har plass til nær 1.900 passasjerar.
– Dette skipet var på toppen av lista vår, og me hadde planlagt ein inspeksjon litt seinare. På grunn av bekymringsmeldinga, gjorde me det tidlegare enn planlagt, seier Bjørn Pedersen i Sjøfartsdirektoratet.
Følgjer med
Det er planlagt 163 anløp til Flåm i år, det er ti fleire enn i fjor, og hamnesjefen seier dei kjem til å følgja ekstra nøye med på skipa som kjem på grunn dei nye miljøreglane.– Det blir ikkje så mykje meir arbeid på oss, me er no til stades uansett, men det blir no ein del meir på Sjøfartsdirektoratet, seier han.
Pedersen stadfestar at det blir ekstra arbeid, men seier miljøkrava i verdsarvfjordane er noko Sjøfartsdirektoratet skal prioritera i år.
Dei nye miljøkrava tredde i kraft 1. mars og gjeld for skip som seglar i Vestnorsk fjordlandskap. Det vil seia Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden og Tafjorden, Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden.
Den nye forskrifta krev at svovelinnhaldet i drivstoffet maksimalt skal vera på 0,10 vektprosent. Sjøfartsdirektoratet målte svovelinnhaldet i drivstoffet på Magellan og fekk utslag på 0,17 prosent.
Me har gått gjennom anløpslistene, tidlegare saker og bekymringsmeldingar
Publisert: 16.05.2019 11:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35