Har lagt inn buffer i refinansieringa
SKIFTE: Kleven Verft får Hurtigruten som einaste eigar etter refinansieringa. 
Nytt

Har lagt inn buffer i refinansieringa

Kleven har lagt inn ein buffer for å vere sikker på å ha nok pengar til å levere alle skipa som er under bygging.

11.06.2018
Innleigd finansdirektør Ola Beinnes Fosse har arbeidd i to månadar for å avdekke kor mykje pengar som måtte til å å sikre vidare drift for Kleven Verft.

Svaret er inntil 600 millionar kroner, og i det beløpet er det også ein buffer som sikrar at verftet skal tåle nye negative overraskingar på skipa som er under bygging.
- Vi har tatt litt i, seier Beinnes Fosse. Kor stor bufferen som er langt inn vil han ikkje kommentere.

Kjem etterkvart

Kleven Verft, som no får Hurtigrutenselskapet KVE Holding som einaste eigar, vil bli tilført inntil 600 millionar kroner i ny likviditet.
Pengane kjem gradvis, i takt med behovet undervegs i bygginga. Det siste skipet verftet skal levere av dagens kontraktar skal vere ferdig i tredje kvartal 2019. Går det betre enn venta blir det tilført mindre, går det verre blir det tilført meir - inntil 600 millionar.
I følgje ei pressemelding bidrar både bankar, eigarar og kundar til refinansieringa. Beinnes Fosse vil ikkje seie noko om detaljane ut over å seie at det er eit element av eigenkapital i refinansieringa.

Bra for regionen

Beinnes Fosse seier han er takksam for at både bankar og Hurtigruten har vore løysingsorientert undervegs.
Han fryktar ikkje negative konsekvensar av at eigarskapet til Kleven Verft no blir flytta ut av regionen. Tvert i mot meiner han det er bra, av to grunnar:
Kleven Verft får ein solid eigar og Hurtigruten kjem også med ein veksande marknad - cruiseskip.

Ut av Kleven Verft

Refinansieringa inneber at Hurtigruteselskapet KVE Holding blir eineeigar av Kleven Verft (skipsbygging), Kleven Contracting (bemanning) og Kleven Maritime Technology (ingeniørtenester).
Dei som gjekk med eigenkapital under refinansieringa i fjor står att med eigarskapen i Myklebust Verft. Utanom Hurtigrutenmedeigarane, med Petter Stordalen i spissen, omfattar det mellom andre Inyard Invest med Åge Remøy på eigarsida og John Kleven as, med Kjersti Kleven og Annelise Godø Kleven som eigarer,
Vi har tatt litt i

Publisert: 11.06.2018 13:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22