Har lagt Farland i opplag
BREIVIKA: Seismikkskipet Geo Caspian (t.v.) og PSV-en Farland er mellom skipa som no ligg til kai i Breivika. Også fleire Olympic-skip er utan oppdrag.
Nytt

Har lagt Farland i opplag

Fleire offshoreskip er tatt ut av arbeid og lagde til kai siste dagane, eitt av dei er Farland.

02.04.2020
Ålesund-selskapet Sverre Farstad & co fekk ein god start med oppdrag for Farland i USA, og deretter i Nederland, og i det siste i spoten i Nordsjøen.
Men så slo koronaviruset til, parallelt med at oljeprisen stupte.
Etter 14 dagar i Stavanger i påvente av nye oppdrag, vart det til slutt bestemt å ta båten til Ålesund.
Dette stadfestar dagleg leiar Svein Leon Aure.
Også andre offshoreselskap tar no skip ut av spotmarknaden.

Bourbon-stopp

Arnstein Lystad ved Herøy-baserte Bourbon Offshore Norway opplyser at dei har lagt Bourbon Topaz til kaia ved Fiskåholmen i Vanylven.
- Vi håper det vert kortvarig, men marknaden fekk ein solid knekk veldig brått.
Han seier at det koronakrisa gjorde at det også vart vanskeleg å få om bord inspektørar for å få gjennomført nødvendige inspeksjonar.
- Dette er eit skip som nettopp har vore på Myklebust Verft og var tiltenkt oppdrag på britisk sektor, men der er det ein del usikkerheit om kva tiltak som vert sette i verk på grunn av koronakrisa.

Publisert: 02.04.2020 09:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55