Har kutta prisen kraftig paa skipstunnelen
NY TUNNELINNGANG: Mellom anna ved å endre inngangen til tunnelopningana, fjerne gangbane i tunneltaket og forkorte transport av masser, er kostnadene ved Stad skipstunnel blitt lågare. 
Nytt

Har kutta prisen kraftig på skipstunnelen

I ein ny rapport frå Kystverket vert kostnadene med å bygge Stad skipstunnel kutta med over 600 millionar. 

Marius Rosbach
18.06.2019
Kystverket har på oppdrag frå Samferdsledepartementet gått gjennom kostnader og nytteverdien ved Stad skipstunnel.
Skipstunnelen er planlagt bygd mellom Eide i Moldefjorden og Kjøde ved Vanylvsfjorden i Selje kommune. Prosjektet ligg inne i Nasjonal Transportplan (NTP) for 2018-2029 - men samferdsleminister Jon Georg Dale før han ville gi endeleg grønt lys.
Ifølgje utrekningane til Kystverket kan tunnelen byggjast for 2,8 milliardar med moms rekna i 2018-kroner.
Prosjektleiar Randi P. Humborstad er svært nøgd med rapporten og No håpar dei på oppstartsmidlar i statsbudsjettet for neste år.

630 millionar billigare

I to rapportar som no er oversendt departementet går det mellom anna fram at sjølve prosjektkostnadene er redusert betydeleg. Ifølgje rapporten er kostnadene kutta med 631 millionar samanlikna med anslaget frå ein tidlegare kvalitetssikringsrapport. Dette utgjer den største skilnaden frå tidlegare utrekningar kring prosjektet.
Ifølgje dei siste utrekningane kjem investeringa på 2,31 milliardar utan moms. Prisen som kom fram i kvalitetssikringa, som var utgangspunktet for at prisen måtte senkast – var på 2,94 milliardar. Fordi det er nytta ulike momsutrekningar, kjem det ikkje fram ein prislapp med to strekar under. Det er også knytt usikkerheit til fleire av utrekningane.
Prisen i den nye rapporten bikkar såvidt tre milliardar om ein reknar med 15 prosent moms og drygt 300 millionar kroner som ein buffer for uforutsette ting. Det er om lag det same som investeringsramma i Nasjonal Transportplan (NTP) omrekna til 2019-priser.

I hovudsak tre grep

– Vi har svart ut det departementet bad oss om å gjere, med å få eit kostnadskutt. Vi har også gått vidare på noko av det kvalitetssikringsrapporten peika på for å få ned usikkerheita ved prosjektet, seier prosjektleiar Terje Andreassen ved Kystverket til NETT NO.
Han viser til at det grovt fortalt er tre ting som er gjort for å senke kostnadene.
– Vi har forenkla konstruksjonane, vidareutvikla strategien for å bygge sjølve tunnelen også har vi oppdatert bergsikringa etter at vi har gjort kjerneboring, fortel han.

Nytteverdien aukar med nær ein milliard

Lågare kostnader gir konsekvensar for nytteverdien ein kan rekne frå prosjektet.
Analysen frå Kystverket viser ein negativ sokalla nettonytte på 2,39 milliardar – om lag 960 millionar kroner betre enn det som vart lagt til grunn i kvalitetssikringa. Då er også verdien av nytt næringsareal rekna inn på drygt 60 millionar.
Om ein reknar inn redusert bruk av drivstoff og miljøgevinst – blir nytteverdien betra med nye 110 millionar kroner.
I den tidlegare kvalitetssikringsrapporten var den negative nytta rekna å vere 3,35 milliardar kroner.

Ikkje talfesta turisme

Ringverknader av auka turisme som følgje av skipstunnelen er ikkje tallfesta i rapporten. Tidlegare rapportar har ikkje hatt noko stor tru på at tunnelen vil ha ei varig effekt for reiselivet. I den nye rapporten ser ein ikkje vekk frå at tunnelen vil gi auka turistbeøk til regionen, men at det er avhengig av korleis det vert marknadsført.
I rapporten heiter det at ein ikkje kan sjå vekk frå at skipstunnelen kan verte noko meir enn ein kortvarig «booster» for reiselivet i området.
– I so fall kan skipstunnelen verte ein tilstrekkeleg stor og spektakulær attraksjon, som hevar merksemda for heile området, heiter det vidare.
Les meir:


Publisert: 18.06.2019 00:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36