Har kontroll paa koronasmitta arbeidarar
ULSTEINVIK: Green Yard Kleven er mellom verfta som har koronasmitta arbeidarar ved verftet. Leiinga seier dei har god kontroll og samarbeidar med styresmaktene lokalt. 
Nytt

Har kontroll på koronasmitta arbeidarar

Skjerpa reglar blir helsa velkomen av HR-direktøren på Kleven, men gjer det meir krevjande for Havyard-verftet i Leirvik.

27.10.2020
(NPK-Margunn Sundfjord): Blant verfta er det forståing for regjeringa strammar inn karanteneplikta for utanlandske arbeidarar for å hindra smitte av covid-19. Innstramminga fører samtidig til ein krevjande situasjon for fleire verft.
Dei nye reglane, som blei kunngjorde måndag, inneber at det frå laurdag 31. oktober ikkje lenger kan gjerast unntak for karanteneplikta for utanlandske arbeidstakarar som kjem frå såkalla raude land. Det betyr at utanlandske arbeidarar først kan byrja å arbeida etter at dei har vore ti dagar i karantene.

Spent på framtida

Skipsverftet Havyard i Leirvik i Hyllestad er blant dei norske verfta som har vore hardt ramma av korona. Problemet blei til slutt så stort at verftet i slutten av september blei stengt.
Verftet var ikkje før kome i gang igjen, før innstramminga frå regjeringa kom. No må verftet skjerpa karantenereglane ytterlegare. I praksis betyr det at karantenereglane blir utvida frå sju til ti dagar. Det er ikkje berre enkelt for bedrifta.
– Det er sjølvsagt ikkje positivt i høve til den framtida og produksjonen vi ønskjer, seier dagleg leiar ved skipsverftet Erlend Hatleberg.
Han peikar på at innstramminga gjer det meir krevjande å gjennomføra prosjekta til rett tid.
Til saman har verftet nær 300 innleigde arbeidarar frå utlandet. Dei utanlandske arbeidarane er heilt avgjerande for verftet.
– Me er heilt avhengige av at vi får tilført arbeidskraft frå utlandet. Det er ganske likt for verfta langs heile Vestlandet, seier Hatleberg.
– Korleis ser du no på framtidsutsiktene?
– Me har så vidt kome oss i gang igjen, og rekrutterer no opp for å få i gang igjen bedrifta vår. Det vi tenkjer no, er at det er greitt fram til jul. Etter jul er me veldig spente på korleis verda ser ut. Vil tiltaka bli mildare eller vil dei bli forsterka? I verste fall kjem grensene til å bli stengde. Då har me eit kjempeproblem. Me er difor veldig spente på kva som skjer vidare. Me håpar sjølvsagt at grensene held fram med å vera opne, og at me kan halda fram med å ferdigstilla dei prosjekta me har. Så får me sjå korleis verda ser ut frampå vårparten, seier Erlend Hatleberg.

Glad for strenge reglar

Green yard Kleven i Ulsteinvik i Møre og Romsdal er blant verfta som nyttar seg av utanlandsk arbeidskraft. For dei betyr innstrammingane mindre. Verftet har nemleg praktisert ei strengare, sjølvpålagd karantenetid enn det styremaktene tidlegare la opp til.
– Heilt sidan pandemien starta, har me hatt krav om ti dagars karanteneplikt, men endra det litt då det blei opna for at ein kunne testa seg og koma ut i arbeid etter to testar og negative prøvesvar. Det betyr at arbeidarane i praksis kunne gå ned i sju dagars karantene før dei slapp ut i arbeid. Den siste regelendringa gjer at me må stramma inn igjen til ti dagars karantene, seier HR-sjef Magne Gurskevik.
Han er glad for at verftet frå før har hatt strenge reglar for smittespreiing, og at dei så langt har unngått smitte inne på anlegget. Verftet har likevel utanlandske arbeidarar på brakkene som er smitta, men Gurkevik seier dette er under kontroll, og at dei får tett oppfølging gjennom den kommunale helsetenesta.
– Kva tenkjer du på generelt grunnlag om at styresmaktene no strammar inn karantenereglane for utanlandske arbeidarar?
– Me synest det er heilt greitt. Haldninga vår har heile tida vore at me innrettar oss til minimum dei reglane som dei sentrale styresmaktene stiller. For ein stor del har me sjølve bestemt oss for å ha strengare reglar. Me vil definitivt ikkje ha inn smitte på anlegget vårt, seier Magne Gurskevik.

Ikkje heilt uventa

– For oss er innstramminga ei stor utfordring. Me har i dag ei rotasjonsordning der dei utanlandske arbeidarane arbeider fjorten dagar og er heime i 21 dagar. Med dei nye endringane seier det seg sjølv at ein slik rotasjon ikkje går an å gjennomføra. Då kan dei utanlandske arbeidarane berre jobba fire dagar før dei må heim igjen. Me er difor nøydde til å gjera noko med rotasjonsordninga vår, seier kommunikasjonssjef Mona Winge ved Aibel i Haugesund til Nynorsk pressekontor (NPK).
Winge fortel at Aibel i Haugesund no er i tett dialog med underleverandørane og oppdragsgjevarane sine om korleis dei kan tilpassa seg det nye regelverket og få til løysingar som kan fungera.
Sjølv om situasjonen er krevjande, kom innstrammingane likevel ikkje heilt uventa på verftet.
– Me er ikkje overraska over at dette kom, for me har jo sett at smitten har auka vesentleg dei siste vekene. At det kjem nye innstrammingar, er difor ikkje overraskande, seier Mona Winge.
Til saman har verftet fleire hundre utanlandske arbeidarar som hovudsakleg kjem frå Polen, Romania og Bulgaria.

500 utlendingar på Kverner Stord

Også ved Kværner Stord er dei innstilte på å innretta seg etter dei nye karantenereglane.
– Me har fått med oss endringa og kjem til å retta oss etter den, seier informasjonssjef Odd Naustdal ved Kværner Stord til
Ifylgje Naustdal er det enno for tidleg å seia konkret kva konsekvensar innstramminga får å seia for verftet i praksis, men dette er noko verftet er i gang med å sjå på.
– Når forskrifta er på plass, vil me sjå nærmare på kva det får å seia for måten me opererer på, seier Naustdal til NPK.
Til saman har Kverner Stord rundt 500 utanlandske arbeidarar som blir omfatta av dei nye karantenereglane.

Les også:





(©NPK)
Me håpar sjølvsagt at grensene held fram med å vera opne, og at me kan halda fram med å ferdigstilla dei prosjekta me har

Publisert: 27.10.2020 17:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:04