Har henta inn 37 millionar
EIGNEKAPITALMARKNADEN: Bilde frå ein Ably Medical-studie i Canada. Administrerande direktør Kjell-Are Furnes (innfelt) og medgründerane har brukt eigenkapitalmarknaden for å finansiere satsinga på utvikling av sjukehussenga, og har fleire investorar får Sunnmøre med seg.
Nytt

Har henta inn 37 millionar

To kapitalutvidingar i fjor og ein i år har fyllt opp kassa til Ably Medical. No skal snart sjukehussenga på marknaden.

21.10.2020

Ably Medical utviklar eit sjukehusseng som etter planen skal ut i marknaden neste år. Ved hjelp av sensorar og teknologi skal den både lette arbeidet for sjukehustilsette og gjere opphaldet betre for brukarane.

Målet er at i alle fall deler av produksjonen av senga skal skje på Sunnmøre, ifølgje selskapet.

Tidlegare i år fekk Ably Medical 15,4 millioner kroner i støtte frå Innovasjon Norge for å industrialisere produkta sine.


Eigarar på Sunnmøre

Ideen til senga er klekt ut hos hos innovasjonslaboratoriet til gründarne Kjell-Are Furnes, Jørn Refsnæs og Arve Voldsund i Ålesund i 2015. I tillegg til gründerane er også resten av aksjonærlista prega av investorar frå Nordvestlandet.

Utviklingsarbeidet kostar, som det går fram av reknskapstala for 2019 og 2018, og selskapet har i stor grad brukt eigenkapitalmarknaden for å finansiere satsinga. (Sjå tabell, på mobil finn du tabellen nederst på sida).

I fjor blei det gjennomført to og i år ei kapitalutviding med kontantinnskot. Tilsaman har det tilført selskapet 37 millionar kroner i kontantar, ifølgje årsmeldinga for 2019.

112,5 millionar

I starten gikk brødrene Yngve og Rune Sævik i Herøy inn med tilsaman to millionar kroner og blei då eigarar av tilsaman 25 prosent av selskapet.


Neste emisjon kom i 2017, retta mot fleire mindre investorer. Sju millionar kroner blei henta inn, og kapitalutvidinga verdsatte selskapet til rundt 30 millionar kroner.

I 2018 blei 32 millioner kroner henta inn frå Pir Invest-miljøet, der blant andre fleire tidligare Optimar-eigarar er med. Den kapitalutvidinga verdsette selskapet til 100 millioner kroner. Ved årsskiftet var Pir Invest største eigar med 38,35 prosent av aksjane.

Siste emisjonskurs som er opplyst verdset selskapet til 112,5 millionar kroner.

Publisert: 21.10.2020 21:42

Sist oppdatert: 31.01.2022 09:03

Mer om