Har hatt god vekst
HÅHJEM NÆRINGSPARK: Volf Industrier er underleverandørar til store lokale leverandørar innan fiskehandtering og havbruk mellom anna. Her er dagleg leiar og medeigar Leif-Egil Orvik.
Nytt

Har hatt god vekst

Volf Industrier, som leverer utstyr til næringsmiddelindustrien, har dobla omsetninga siste fem åra.  

Kristin Vidhammer
14.08.2018
Skodjebedrifta leverer utstyr til bakeri-, fiskeri- og havbruksbransjen og møbelbransjen mellom anna, men tar også på seg mange andre oppdrag innen mekanisk industri.
- Det er god aktivitet innan fiskeri, og vi sikter oss no endå meir inn på dette, sa dagleg leiar Leif-Egil Orvik til NETT NO i mars i år.
Les også:
I fjor fekk dei driftsinntekter på nærmare 24 millionar kroner og eit resultat før skatt på nærmare 400.000 kroner (sjå tabell).

Underleverandørar til store aktørar

Dei er underleverandørar til store lokale leverandørar innan fiskehandtering på land og ombord, i tillegg til havbruk. Dei leverer mellom anna pakkemaskiner, som dei er særleg store på, samt transportband og tankar, alt i rustfritt stål.
- Ordrane har rast inn, slik at vi også må seie nei til mange, sjølv om vi prøver å unngå å seie nei. Vi må prioritere større ordrar og ordrar som gir oss meir enn kostpris, sa Orvik vidare.
Dei satsar no på å byggje opp eit eige salgsapparat for å gjere seg mindre avhengige og kunne fokusere på større ordrar.
- Utsiktene ser gode ut, sa han vidare.

Har investert og utvida lokala på Håhjem Næringspark

Volf Industrier har siste åra investert i utviding av produksjonshallane og kontorlokala, der siste utbyggingane stod ferdig i fjor. Dei har dermed god kapasitet og meir effektiv produksjon.
Selskapet er 20 år i år og der det var fire som braut ut frå Odim Skodje i si tid og etablerte selskapet. Det er Leif-Egil Orvik og Jan Sverre Larsen som no eig selskapet 50/50.
Dei er ca. 17 tilsette, i tillegg til nokre innleigde.

Publisert: 14.08.2018 11:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25