Har granska alle alvorlege småbåtulykker
Foto: Illustrasjonsfoto: NTB, NPK
Nytt

Har granska alle alvorlege småbåtulykker

17 omkom i fritidsbåtar i fjor, to døydde i ulukker med kajakk eller kano.

23.04.2019
NPK-NTB: Havarikommisjonen har kartlagt alle dei alvorlegaste fritidsbåtulykkene i norske farvatn fjor og håper funna kan bidra til å betre tryggleiken til sjøs.
Rapporten blir lagt fram på ein fritidsbåtkonferanse torsdag 25. april.
– Målet er at kartlegginga skal gi styresmakter og andre organisasjonar eit betre grunnlag for å vurdere kva tiltak som kan styrke tryggleiken til sjøs.
- Dette har vore etterspurt blant styresmaktsaktørar og organisasjonar, skriv .

Betre kunnskap

I tillegg ønsker SHT eit betre underlag for å vurdere kva typar ulykker som bør undersøkast nærare i framtida.
Havarikommisjonen har granska alle ulykker der nokon har omkomme eller har vore sakna, inkludert ulykker med padlebrett, kano, kajakk og vass-scooter.
Ulykker i samband med konkurransar eller med seglbrett, kite, surfebrett og badeleiker er ikkje tatt med.

19 omkom i fjor

Ifølgje Redningsselskapet omkom 17 personar i ulykker med fritidsbåtar i fjor, medan to døydde i ulykker med kajakk eller kano.
SHT har i tillegg henta inn data om båtulykker i tidsrommet 2008–2017. Denne kartlegginga omfattar òg hendingar der det ikkje har vore omkomne eller sakna.

Publisert: 23.04.2019 08:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:34