Har godt med arbeid og slepp permitteringar
VEDLIKEHALD: Hurtigruteskipet Fram blir nytta til ekspedisjonscruise - og ikkje i den tradisjonelle kystruta frå Bergen til Kirkenes. No er skipet i dokka ved Fiskerstrand verft.
Nytt

Har godt med arbeid og slepp permitteringar

Den nye dokka til Fiskerstrand verft sikrar oppdrag dei ikkje elles ville fått.

Marius Rosbach
25.05.2020
Medan store delar av verftsbransjen har mange permitterte som følgje av slunkne ordrebøker, er det fullt opp med arbeid for dei tilsette på Fiskerstrand verft i Sula.
– Det går bra og vi har godt med arbeid. Vi har ingen permitterte og vi har nyleg tilsett folk. I første omgang jobbar vi med ein horisont fram til sommarferien, men vi har fått inn godt med arbeid til hausten også, fortel konsernsjef Rolf Fiskerstrand til NETT NO.
Fiskerstrand verft har dei siste åra gått vekk frå nybygg og satsar i staden på reparasjonar, vedlikehald og ombygging. Det har gitt gode resultat og sikrar arbeidsplassane.
Koronakrisa gjer at mykje er usikkert for den maritime industrien, og kan påverke ordresituasjonen. Men per i dag seier Fiskerstrand at han ut frå situasjonen er optimist for framtida.

Har nyleg tilsett fleire

Rekenskapen for fjoråret er ikkje styrebehandla, så verftsdirektør Magne Standal vil vente med å gå ut med resultatet. Men Standal seier han er nøgd med tala som snart blir sendt til Brønnøysund-registera.

– Men det er mykje hard jobbing som ligg bak det å sikre nok oppdrag i den situasjonen som er no, fortel han til NETT NO.
Per i dag er dei 108 fast tilsette ved verftet og dei har nettopp tilsett nokre nye folk. I tillegg har dei for tida kring 120 arbeidarar inne frå andre selskap.

Les også:


Ny dokk gir fleire oppdrag

Hurtigruteskipet Fram er no inne til vedlikehald i den nye dokka ved verftet. Oppdraget er mellom dei jobbane som verftet ikkje ville sikra seg utan at dei hadde .
Den nye flytedokka er 165 meter lang og 27,4 meter brei innvendig med ein løftekapasitet på 12.000 tonn. Den kom på plass i fjor haust og erstatta den gamla dokka som var meir enn 30 meter kortare.
Ombygging av det tidlegare offshoreskipet Island Spirit er mellom dei siste oppdraga verftet har sikra seg. Skipet blei selt til eit dotterselskap i Smir Group, etter å ha vore i opplag i lengre tid, og skal no nyttast til lusebehandling i oppdrettsnæringa under namnet Hydro Patriot.
Til kai ligg også hurtigruteskipet Spitsbergen, som har vore til vedlikehald. Det blir liggande inntil vidare, ettersom reiarlaget har stoppa dei aller fleste av sine seglasar som følgje av koronapandemien.

«Ekstremt aktivt år»

Fiskerstrand verft har vore gjennom nokre tøffe år med omstilling og reduksjon i arbeidsstokken.
Då NETT NO besøkte verftet tidleg i år fortalte konsernsjefen at 2019 hadde vore eit «ekstremt aktivt år». Dei har kring 70-80 båtar inne årleg, og kring ein tredel av oppdraga .
Det omfattar verftselskapet Fiskerstrand verft, skipsdesingselskapet Multi Maritime og eit eigedomsselskap. Både i 2018 og 2017 enda rekneskapen i pluss for verft og konsern.

Les også

:

Det er mykje hard jobbing som ligg bak det å sikre nok oppdrag i den situasjonen som er no

Publisert: 25.05.2020 06:00

Sist oppdatert: 25.06.2021 10:21