Har gaatt betre enn han haapte paa
HARDT RÅKA: Dei tre næringane som har flest ledige er industrien, reiseliv og transport, før bygg- og anlegg. Situasjonen er likevel betre enn fylkesdirektør Stein Veland (innfelt) har frykta. 
Nytt

Har gått betre enn han håpte på

Nav i Møre og Romsdal får ikkje nye varslar om permitteringar og oppseiingar i større omfang. Fylkesdirektøren ser fleire positive trekk. 

Marius Rosbach
26.11.2020
Dei siste vekene er fleire bransjar på nytt ramma av koronatiltak. Til no har det likevel ikkje ført til noko større auke av bedrifter som fortel at dei må redusere bemanninga i større omfang.
Det fortel fylkesdirektør Stein Veland i Nav Møre og Romsdal til NETT NO.
– Vi hadde eit stort volum ved starten av pandemien, så har det heldigvis gått kraftig ned. No ligger vi på et lågare nivå enn eg hadde turt på håpe på, er Veland si oppsummering av situasjonen for augneblinken.

Flest ledige i industrien

Nokre bransjar er naturleg nok verre stilt enn andre, og spesielt innan reiseliv og overnatting er mange permitterte. Bedrifter som har planar om å permittere eller seie opp fleire enn ti tilsette, skal melde frå til Nav.
– Meldingane vi får no gjeld likevel mindre grupper og enkeltpersonar. Etter at bransjen hadde ein god sommar, verkar det som bedriftene har teke bemanninga gradvis ned utover hausten, fortel Veland.
I siste oppdaterte frå førre veke var det likevel industrien i Møre og Romsdal som hadde registrert flest ledige, deretter reiseliv og transport, før bygg- og anlegg (sjå liste under).

Fleire positive trekk

Fylkesdirektøren er spent på korleis utviklinga blir dei neste vekene. Trass i at det framleis er smittevernrestriksjonar, peiker han på fleire positive trekk.
  • Fleire bedrifter – spesielt innan transport og logistikk melder om auka behov for tilsette.
  • Konkurstala er framleis låge, noko Veland trur skuldast gode støtteordningar.
  • Fiskeri går framleis bra, både innan fangst, foredling og oppdrett.
  • Mange mindre- og mellomstore verft går godt, sjølv om dei største verfta har utfordringar.

– Vi opplever at veldig mange verksemder går rimeleg bra, og at ein del går veldig godt, seier Veland.

Netthandel kan true lokalhandel

Auka netthandel er mellom trendane som ligg bak det auka behovet for folk i transport og logistikk. Det kan ha ein bakdel for handelen i lokale butikkar.
– Kanskje vil nokre butikkar oppleve mindre aktivitet, men førebels har vi ikkje fått konkrete meldingar om at det er situasjonen. Det kan tyde på at folk framleis klarer å halde liv i butikkane rundt seg, seier Veland.
Han viser til at Sparebank 1 SMN i sitt siste også meinte at bedriftene har betre likviditet enn frykta.

Nye tal fredag

Talet som Nav har registrert som heilt ledige i Møre og Romsdal var siste veke på 4019 – en nedgang på nokre hundre sidan utgangen av sommaren.
Også i Vestland fylke har pilane over dei som står utan arbeid peika nedover dei siste månadene. Nye månadstal frå Nav er venta i slutten av veka.

Les også:





Ledige ulike bransjar i Møre og Romsdal veke 47:


  • Ledere 148
  • Ingeniør- og ikt-fag 213
  • Undervisning 79
  • Akademiske yrker 35
  • Helse, pleie og omsorg 204
  • Barne- og ungdomsarbeid 125
  • Meglere og konsulenter 87
  • Kontorarbeid 304
  • Butikk- og salgsarbeid 384
  • Jordbruk, skogbruk og fiske 131
  • Bygg og anlegg 410
  • Industriarbeid 623
  • Reiseliv og transport 504
  • Serviceyrker og annet arbeid 392
  • Ingen yrkesbakgrunn eller uoppgitt 380

Vi opplever at veldig mange verksemder går rimeleg bra, og at ein del går veldig godt

Publisert: 26.11.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:06