- Vi har vekse heile tida og har slik sett hatt ei veldig grei utvikling. Men råstoffprisane og resultata svingar i fiskeindustrien, og det er små marginar, seier dagleg leiar Kurt Jakobsen og salssjef og medeigar Harald Sperre.
- Fjoråret vart eit vanskeleg år med altfor høge råstoffprisar. Når kvotane er lave, aukar råstoffprisane og det blir vanskelegare å få gode marginar. Men i år er det store kvotar på både kvitfisk og pelagisk, og vi reknar med betre inntening, seier dei.
Nils Sperre Eiendom-konsernet har dei siste tre åra hatt ei omsetning på over 1,1 milliarder kroner. Dei er ein betydeleg produsent av sild og makrell, og mottek oppunder 80.000 tonn råstoff årleg. Dei er også relativt store på produksjon av klippfisk og saltfisk, med ein produksjon på i underkant av 8.000 tonn ferdigvarer i året.
Torsken Havprodukter leverer i hovedsak saltfisk til klippfiskproduksjonen i Nils Sperre as.
Fosnavaag Pelagic driv med frysing og filetering av sild og makrell.
- Vi ønskte gjennom kjøpet å kome oss meir inn på produksjon av sildefilet, seier dei.
Kjøpet bidrog til auka omsetning i konernet. Dei siste fem-seks åra har Nils Sperre-konsernet opplevd ein god omsetningsvekst og omsette i 2015 for nærmare 1,2 milliarder kroner. I 2016 blir den endå høgare.
Dermed er selskapet godt rigga for framtida.
Makrellsesongen i fjor haust starta med veldig høge råstoffprisar, og då vert det ofte retningsgjevande for resten av sesongen ifølgje Sperre.
- Det vart for dyrt for den japanske marknaden, og som er hovudmarknaden vår. Japanarane kjøpte ikkje noko i starten av sesongen i fjor haust, difor vart det også små marginar. No er prisane mykje meir normale og ein del av japanarane kom igjen no i januar og kjøpte det dei hadde behov for på årsbasis.
No har dei byrja å produsere NVG-sild, og som i hovedsak går til Øst-Europa. Sildefileten går også til Polen, Tyskland og Frankrike.
- Det ser greit ut, og det er meir normaliserte prisar også her.
- Dette er eit veldig godt supplement og er også viktig for å forlenge sesongen. Men det vi er engstelig for no, er at vi ikkje vil få nok pelagisk råstoff. Vi høyrer at myndigheitene i Skotland ønskjer at 50 prosent av kvotene skal landast i eige land. Det vil i så fall få store konsekvensar for heile den pelagiske næringa og og også det volumet vi kan produsere her på Ellingsøya, seier dei.
Les også:
- Men sei er det lite å tene på, seier Sperre.
No skipar dei for fullt fisk til Brasil, sjølv om den brasilianske markanden har vore vanskeleg ei tid.
- Denne helga og den neste er siste frist for å skipe fisken til Brasil slik at den kjem fram i god tid før påskesalet. Både påske- og julesalet er viktig i Brasil.
Ellers sel dei mykje til Portugal, Dominikanske Republikk og afrikanske land.
- Å tenke framover, er det einaste ein kan gjere. Sjølv om 2016 har vore vanskeleg, har 2017 starta bra og det ser meir positivt ut, seier Sperre.
Høgsesongen er frå september til mars, og då er totalt 260-270 personar i sving i konsernet totalt. Av desse jobbar omlag 160 på Ellingsøya, medan dei har omlag 50 i Fosnavåg og 50 i Torsken.
- Vi sysselset ganske mange i toppsesongen. Men skal ein henge med i framtida, er det meir automatisering som gjeld, seier Jakobsen og Sperre.
Selskapet er fortsatt familieeigd. Av dei tre brødrene i andre generasjon, Palmar, Oddbjørn og Harald, er det berre Harald som fortsatt er aktiv i drifta.
Fleire frå tredje generasjon er imidlertid aktive i drifta, mellom anna Geir og Odd Arild Sperre og som begge jobbar på sal.
- Fjoråret vart eit vanskeleg år med altfor høge råstoffprisar. Når kvotane er lave, aukar råstoffprisane og det blir vanskelegare å få gode marginar. Men i år er det store kvotar på både kvitfisk og pelagisk, og vi reknar med betre inntening, seier dei.
Nils Sperre Eiendom-konsernet har dei siste tre åra hatt ei omsetning på over 1,1 milliarder kroner. Dei er ein betydeleg produsent av sild og makrell, og mottek oppunder 80.000 tonn råstoff årleg. Dei er også relativt store på produksjon av klippfisk og saltfisk, med ein produksjon på i underkant av 8.000 tonn ferdigvarer i året.
Anlegg på Ellingsøy, Senja og Fosnavåg
Forutan driftsselskapet Nils Sperre på Ellingsøy, ligg også Torsken Havprodukter på Senja og eigarandelen på 50,1 prosent i Fosnavaag Pelagic i konsernet.Torsken Havprodukter leverer i hovedsak saltfisk til klippfiskproduksjonen i Nils Sperre as.
Fosnavaag Pelagic driv med frysing og filetering av sild og makrell.
Etablerte Fosnavaag Pelagic i 2013
Det var i 2013 at Nils Sperre AS, Remøy Group AS og Vedde AS gjekk saman og starta opp på nytt etter at tidlegare Fosnavaag Seafood gjekk konkurs.- Vi ønskte gjennom kjøpet å kome oss meir inn på produksjon av sildefilet, seier dei.
Kjøpet bidrog til auka omsetning i konernet. Dei siste fem-seks åra har Nils Sperre-konsernet opplevd ein god omsetningsvekst og omsette i 2015 for nærmare 1,2 milliarder kroner. I 2016 blir den endå høgare.
Har investert i produksjonsanlegget på Ellingsøy
-I tillegg til å kjøpe oss inn Fosnavaag Pelagic, har vi utvida produksjonen her på Ellingsøya siste åra gjennom investeringar og ombyggingar i produksjonsanlegget. Vi har investert mykje i innfrysing og automatisering av pelagiske linjer, og har dermed auka innfrysingskapasiteten frå rundt 650 tonn til rundt 800 tonn. I tillegg har vi investert i meir tørkekapasitet på klippfisk og har no meir enn dobla denne.Dermed er selskapet godt rigga for framtida.
Reknar med eit betre år for sild og makrell
- No går vi inn i eit år med dobling av kvotene på sild, og eg reknar med at vi får bedre inntening både på sild og makrell i år enn i fjor seier Sperre.Makrellsesongen i fjor haust starta med veldig høge råstoffprisar, og då vert det ofte retningsgjevande for resten av sesongen ifølgje Sperre.
- Det vart for dyrt for den japanske marknaden, og som er hovudmarknaden vår. Japanarane kjøpte ikkje noko i starten av sesongen i fjor haust, difor vart det også små marginar. No er prisane mykje meir normale og ein del av japanarane kom igjen no i januar og kjøpte det dei hadde behov for på årsbasis.
No har dei byrja å produsere NVG-sild, og som i hovedsak går til Øst-Europa. Sildefileten går også til Polen, Tyskland og Frankrike.
- Det ser greit ut, og det er meir normaliserte prisar også her.
Frykter for tilgongen på pelagisk råstoff
Leveranser frå utenlandske båter er viktig for den pelagiske næringa, og som står for mellom 60.000 og 120.000 tonn årleg til Norge. Dette kjem i tillegg til dei norske kvotene.- Dette er eit veldig godt supplement og er også viktig for å forlenge sesongen. Men det vi er engstelig for no, er at vi ikkje vil få nok pelagisk råstoff. Vi høyrer at myndigheitene i Skotland ønskjer at 50 prosent av kvotene skal landast i eige land. Det vil i så fall få store konsekvensar for heile den pelagiske næringa og og også det volumet vi kan produsere her på Ellingsøya, seier dei.
Les også:
Salt- og klippfisk ser greit ut
Når det gjeld inntening på salt- og klippfisk, var særlig innteninga frå torsk god i 2015. I 2016 vart det tøffare, sjølv om marginane på torsk fortsatt er akseptable.- Men sei er det lite å tene på, seier Sperre.
No skipar dei for fullt fisk til Brasil, sjølv om den brasilianske markanden har vore vanskeleg ei tid.
- Denne helga og den neste er siste frist for å skipe fisken til Brasil slik at den kjem fram i god tid før påskesalet. Både påske- og julesalet er viktig i Brasil.
Ellers sel dei mykje til Portugal, Dominikanske Republikk og afrikanske land.
- Må tenke framover
Medan 2014 blei eit veldig godt år med eit resultat før skatt på 33 millionar kroner, vart 2015 svakare med 3 millioner i resultat.- Å tenke framover, er det einaste ein kan gjere. Sjølv om 2016 har vore vanskeleg, har 2017 starta bra og det ser meir positivt ut, seier Sperre.
Høgsesongen er frå september til mars, og då er totalt 260-270 personar i sving i konsernet totalt. Av desse jobbar omlag 160 på Ellingsøya, medan dei har omlag 50 i Fosnavåg og 50 i Torsken.
- Vi sysselset ganske mange i toppsesongen. Men skal ein henge med i framtida, er det meir automatisering som gjeld, seier Jakobsen og Sperre.
Bakgrunn
Det var Nils Sperre som starta opp selskapet i 1923; han dreiv gard og fiskeindustri og starta opp i sjøbuda han hadde.Selskapet er fortsatt familieeigd. Av dei tre brødrene i andre generasjon, Palmar, Oddbjørn og Harald, er det berre Harald som fortsatt er aktiv i drifta.
Fleire frå tredje generasjon er imidlertid aktive i drifta, mellom anna Geir og Odd Arild Sperre og som begge jobbar på sal.
Makrellsesongen i fjor haust starta med veldig høge råstoffprisar
Publisert: 06.02.2017 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:05