Nytt
Har fått ein skikkeleg opptur
Etter eit par tunge år, har Ulmatec Handling Systems på Hareid hanka inn ei rekkje nye kontraktar.
05.11.2018
- Ja, det ser bra ut. Vi har godt med arbeid eitt år framover.
Det seier dagleg leiar Iver Bjørnerem. Han overtok leiinga av selskapet i 2016 etter tidlegare å ha vore prosjektleiar.
- Vi merka godt offshorenedturen, men har jobba hardt og målretta for å kome oss inn i marknaden for vindindustrien og passasjerbåtar.
- I tillegg har vi framleis ein god del leveransar til subseaflåten.
Men i det siste har selskapet også fått omfattande kontraktar med Hurtigruten og Havila Kystruten på leveransar av portar, dører og gangvegar.
I stillegg har selskapet samarbeid med Ålesund-baserte Uptime om 'Walk to Work'-løysingar for offshore vind.
- Vi ser at dei gamle kundane kjem tilbake til oss, men vi har også fått fleire nye kundar.
Han legg ikkje skjul på at konkurransen er stor, blant anna frå fleire lokale konkurrentar.
- Vi kan vere i Kina og kjempe om kontraktar, og oppdagar at største konkurrentane har base fem minutt eller ti minutt køyretid frå oss.
- Vi leverer skreddarsydde løysingar til den enkelte kunde, noko som er ein stor fordel for alle partar.
Selskapet var på det meste oppe i 50 tilsette, men var i starten av fjoråret nede i 20.
Bjørnerem opplyser at ein no er 28 tilsette, men planlegg å vekse.
- Vi er ein stab med svært dyktige menneske og har behov for fleire, både ingeniørar og produksjonsarbeidarar.
- Sjølv om dei også var stressa då botnen fall ut av marknaden, har dei heile vegen vore langsiktige og hatt trua på at det ville snu.
Han viser også til at på Hareid disponerer Ulmatec Handling Systems eit anlegg på 50 mål i tillegg til 200 meters djupvasskai.
- Alt ligg til rette for vidare vekst, men det er opp til oss å skaffe kontraktane og levere så gode produkt at kundane kjem tilbake og nye kjem til.
Iver Bjørnerem seier at omsetninga i år passerer 100 millionar kroner.
- Neste år ser det endå betre ut med ein ordrereserve for 2019 på over 100 millionar, fordelt på dei ulike segmenta vi opererer i.
Det seier dagleg leiar Iver Bjørnerem. Han overtok leiinga av selskapet i 2016 etter tidlegare å ha vore prosjektleiar.
- Vi merka godt offshorenedturen, men har jobba hardt og målretta for å kome oss inn i marknaden for vindindustrien og passasjerbåtar.
- I tillegg har vi framleis ein god del leveransar til subseaflåten.
Hurtigruten og Kystruten
Hareid-selskapet har satsa stort på sitt LARS-system (launch and recovery system, red merk) for undervassfartøy.Men i det siste har selskapet også fått omfattande kontraktar med Hurtigruten og Havila Kystruten på leveransar av portar, dører og gangvegar.
I stillegg har selskapet samarbeid med Ålesund-baserte Uptime om 'Walk to Work'-løysingar for offshore vind.
Hard konkurranse
Salssjef Bjørn Roppen seier at det er stor pågang.- Vi ser at dei gamle kundane kjem tilbake til oss, men vi har også fått fleire nye kundar.
Han legg ikkje skjul på at konkurransen er stor, blant anna frå fleire lokale konkurrentar.
- Vi kan vere i Kina og kjempe om kontraktar, og oppdagar at største konkurrentane har base fem minutt eller ti minutt køyretid frå oss.
Fleire tilsette
Han seier at kundane set pris på fleksibiliteten som selskapet kan levere.- Vi leverer skreddarsydde løysingar til den enkelte kunde, noko som er ein stor fordel for alle partar.
Selskapet var på det meste oppe i 50 tilsette, men var i starten av fjoråret nede i 20.
Bjørnerem opplyser at ein no er 28 tilsette, men planlegg å vekse.
- Vi er ein stab med svært dyktige menneske og har behov for fleire, både ingeniørar og produksjonsarbeidarar.
Langsiktige eigarar
Bjørnerem rosar også eigarane av Ulmatec-konsernet, eit konsern som har hovedkontor på Stålhaugen i Ulstein.- Sjølv om dei også var stressa då botnen fall ut av marknaden, har dei heile vegen vore langsiktige og hatt trua på at det ville snu.
Han viser også til at på Hareid disponerer Ulmatec Handling Systems eit anlegg på 50 mål i tillegg til 200 meters djupvasskai.
- Alt ligg til rette for vidare vekst, men det er opp til oss å skaffe kontraktane og levere så gode produkt at kundane kjem tilbake og nye kjem til.
Stor ordrereserve
Selskapet omsette i 2017 for 82,4 millionar kroner, og hadde eit resultat før skatt på pluss 3,5 millionar.Iver Bjørnerem seier at omsetninga i år passerer 100 millionar kroner.
- Neste år ser det endå betre ut med ein ordrereserve for 2019 på over 100 millionar, fordelt på dei ulike segmenta vi opererer i.
Vi kan vere i Kina og kjempe om kontraktar, og oppdagar at største konkurrentane har base fem minutt eller ti minutt køyretid frå oss
Publisert: 05.11.2018 05:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27