Har brukt over 100 millionar kroner paa advokatar
SJØLVKRITIKK: Havila Shipping-direktør Njål Sævik (t.v.) saman med Alfred Berg-forvaltar Tom Hestnes, Per Sævik i Havila Holding og Sysla/Maritime-journalist Gerhard Flaaten.
Nytt

Har brukt over 100 millionar kroner på advokatar

Havila Shipping hadde kostnader på over 100 millionar kroner for å få restrukturert gjelda.

20.09.2017
Havila Shipping brukte eitt år på gjeldsforhandlingar, og kostnadene vart store.
- Vi har brukt eit hav av advokatar der taksometeret har tikka kontinuerleg.
- Vi har brukt hundre millionar pluss på denne prosessen, sa Per Sævik under Sysla Live i Ålesund onsdag.

- Ingen betre plass

Sysla har valt Ålesund som arena for å setje fokus på offshorenedturen.
- Vi kunne ikkje valt ein betre plass. Ingen annan stad har konsekvensane vore større, sa redaksjonssjef Marit Holm i Sysla under opninga av konferansen.
Ho intervjua Sævik, som var styreleiar i Havila Shipping under reforhandlinga av gjelda.

Lenge og dyrt

Sævik var kritisk til at prosessen tok svært lang tid.
- Det var ekstremt krevjande, med elleve bankar som skulle verte samde, i tillegg til at obligasjonseigarane også skulle ha sitt.
- Men det er eit tankekross at det tok så lang tid og kosta så mykje.

- Kollektivt sjølvmord

Per Sævik tok også sjølvkritikk for at Havila Shipping var nær konkurs, og hadde ei gjeld på fem milliardar kroner som ein ikkje hadde sjans til å handtere.
- Der alle tenker tenker likt, er det ingen som tenkjer mykje.
- Det er eit kollektivt sjølvmord offshorenæringa har begått. Det er vi sjølve som sit med ansvaret for at det gjekk slik, sa han.
Sævik kritiserte også bankane.
- Bankane lånte ut pengar i villelse.

Berga av Fjord1

Per Sævik vedgjekk at ein nøkkel for familieselskapet Havila Holding var at ein klarde å sikre seg kontrollen over Fjord1.
- Vi må nok spandere på oss eit julekort til Konkurransetilsynet i år, etter at Konkurransetilsynet sa nei til Torghatten.
Han var også optimistisk for olje- og offshorenæringa på litt sik.
- Det vert på nytt gode tider, det må ingen vere i tvil om.
- Vi hadde ikkje brukt 300 millionar kroner og gått inn i Volstad Maritime om vi ikkje trudde på dette.

- Farstad-tragedie

Han karakteriserte det som ein tragedie at det var nesten ingen ting igjen av Farstad i Ålesund.
Han spekulerte også i at hovudkontoret til SolstadFarstad kunne verte flytta.
- Om hovudkontoret vil fortsette å liggje på Skudenes, eller vil verte flytta til Bygdø, det vil eg ikkje spekulere i.
- Men i denne bransjen skjer endringane fort.
Vi har brukt eit hav av advokatar der taksometeret har tikka kontinuerleg

Publisert: 20.09.2017 10:18

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:14