Har auka med 100 tilsette
ULSTEIN: Kristian Sætre har tilsett rundt 100 nye siste året. Ved Ulstein Verft er det no 350 eigne tilsette.
Nytt

Har auka med 100 tilsette

Ulstein Verft er no oppe i 350 tilsette. Det kan verte litt meir.

15.11.2018
- Ja, vi ser framleis etter folk med dei rette kvalifikasjonane.
Det seier verftsdirektør Kristian Sætre.
Verftet var nede på 250 tilsette, men har siste året auka med rundt 100 tilsette.
- Nokre av desse var tilsette som jobba her før, og det er sjølvsagt ekstra gledeleg å få dei tilbake.

Store prosjekt

Sætre seier at ein har utvida arbeidsstokken med tilsette innanfor dei fleste fagområde.
- Vi har hatt svært mange søkarar, og har klart å fylle opp etter kvart.
Verftet har no fem store prosjekt på gang. I tillegg til bygginga av Color Hybrid, har ein i ordreboka ein stor kabelleggjar til Nexans, eit ekspedisconscruiseskip til Lindblad Explorations, eit offshore vindskip til Acta Marine og eit offshore vindskip til Bernard Schulte.

Mange norske

Sætre seier at mange av dei nytilsette er nordmenn, dei fleste lokale, der nokre også har kome over frå Kleven Verft.
- Vi har opne søknadsprosessar, og driv ikkje å plukkar folk frå andre arbeidsplassar.
For fem år sidan var verftet oppe i over 400 tilsette. Sætre skal ikkje tilbake dit.
- Nei, ikkje slik det no ser ut.

Publisert: 15.11.2018 15:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:28